Flumendosa er ei elv sør på Sardinia i Italia. Elva er 127 km lang og er den nest lengste elva på øya etter Tirso.
Flumendosa har utspring i Gennargentu-massivet ved foten av Monte Armidda og munnar ut i Tyrrenhavet nær byane Muravera og Villaputzu. Ho har eit nedslagsfelt på 1 775 km². Før det vart bygd to store reservoar langs elva hadde ho ei middelvassføring på 22 m³/s.
Kjelde Denne artikkelen bygger på «Flumendosa» frå , den 20. november 2007.
Kategori:Sardinia Kategori:Elvar i Italia