Lubāns er den største innsjøen i Latvia. Han ligg sentralt i det austlege låglandet og er ein grunn innsjø som får vatn frå elvane Rēzekne, Malta, Malmuta og Lisinja, i tillegg til fleire mindre bekkar. Ut frå innsjøen renn Aiviekste som er ei av sideelvane til Daugava.
Etter ein øydeleggjande vårflaum i 1926 vart det bygd fleire demningar og dike. Vassinhaldet i innsjøen kan derfor kontrollerast og er mellom 90 og 93 meter over havet. I ei høgd på 90,75 meter har innsjøen eit areal på 25 km², men når høgda er 92,75 m aukar innsjøen til heile 100 km².
Andre små restar etter innsjøar i nedslagsfeltet til Lubans har vorte drenert slik at landområde kunne utnyttast for jordbruk.
Bakgrunnsstoff Geologisk informasjon
Kjelde
Denne artikkelen bygger på «Lake Lubāns» frå , den 20. januar 2008.
Kategori:Innsjøar i Latvia