Primorsk (russisk Приморск, finsk Koivisto, svensk BjörköBjörkö-namn.) er ein by i Leningrad oblast i Russland og den største russiske hamna ved Austersjøen. Han har om lag 6 000 innbyggjarar. og ligg på Det karelske neset, 137 km vest for Sankt Petersburg, på nordkysten av Finskebukta.
Historikk mini|venstre|Den nye oljehamna i Primorsk.
Busetnaden vart først nemnd i russiske kjelder som Berjozovskoje («Bjørkelandsby») i 1268, då dei tyske handelsmennene frå Gotland bad republikken Novgorod om å sikre passasjen deira til elva Neva. Svenskane annekterte regionen under det tredje svenske krosstoget. Russarane tok tilbake byen og øyane utanfor ved slutten av den store nordiske krigen i 1721. Så delte byen skjebne med resten av Det karelske neset, det vil sei at han etter krigen 1808-1809 vart innlemma i Storfyrstedømet Finland.
Primorsk utvikla seg på 1900-talet som ei uthamn for byen Viborg og var i første halvdelen av 1900-åra ein av dei mest framståande sjøfartsbyane i Finland, men ved Moskvafreden i 1940 måtte Finland avstå byen til Sovjetunionen. Under framhaldskrigen flytta mange finnar attende til byen, men etter våpenstillstanden i 1944 vart området overdrege til Sovjetunonen att.
Oljeterminal Primorsk er heimstad for den største oljeterminalen i Austersjøen, som vart utvikla av Putin-administrasjonen som endestasjon for røyrleidningssystemet, til ein pris på 2 000 000 000 USD. Terminalen starta drifta i desember 2001 og hadde utmanøvrert Ventspils og andre utanlandske rivalar i løpet av eitt år.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Primorsk» frå , den 1. februar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Olje- og gassterminalar Kategori:Hamnebyar i Russland Kategori:Hamnebyar ved Austersjøen