Dyrudtjennet er eit vatn i Haldenvassdraget på Lierfoss i Aurskog-Høland kommune i Akershus. Vatnet er kjent som ein viktig gyteplass for gjedde og det vert tatt store gjedder i Dyrrudtjernet om våren. På vestsida av Dyrrudtjernet ligg restar etter eit dampsagbruk, med mellom anna ein teglsteinsskorstein. Børta, som har ein stor bestand av bever, renn ut i Dyrrudtjernet frå Mangenskogen-traktene og den såkalla Gørrelva renn frå Dyrrudtjernet og ut i Lierelva som er ein del av hovudløpet til Haldenvassdraget.

Kjelder

Kategori:Innsjøar i Aurskog-Høland Kategori:Haldenvassdraget