Vesletjern, også kalla Lilletjern, er ein dam på Ammerud ved markagrensa til Lillomarka i Oslo. Tjernet er demd opp og er regulert som offentleg badeplass.

Vesletjern har mudderbotn, som mange av markavatna. På det djupaste er det 9 meter djupt. Området har rekreasjonsfasilitetar med benkar, toalett, godkjend eldstad, natursti og eigen trase for rørslehemma.

Det finst gode høve for parkering i området, med tilgang frå både Ammerud og Rødtvet. Frå Ammerud kan ein parkere ved Apaløkka skole, og frå Rødtvet er det parkering ved Greibanen.

Historie Vesletjern vart tidlegare brukt som isdam, og det vart henta ut isblokker her heilt fram til 1945.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Vesletjern (Lillomarka)» frå , den 17. april 2008.

Bakgrunnsstoff Friluftsetaten: Badeplassar i Marka Friluftsetaten: Lillomarka frå A til Å

Kategori:Innsjøar i Oslo Kategori:Lillomarka