Høyanger er ein kommune i Ytre Sogn i Vestland fylke.

Tettstader Austreim med Høyanger med Kyrkjebø med

Kommunesoge Høyanger kommune vart oppretta 1. januar 1964 ved at kommunane Lavik og Kyrkjebø vart slegne saman. I tillegg vart garden Nybø og bruket Nygjerdet overførte til Høyanger frå Vik kommune.Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen på nettstaden til Statistisk sentralbyrå I grove trekk fekk Høyanger kommune same grensene som det Lavik (Ladevig) formannskapsdistrikt hadde då det vart oppretta i 1837, men Bø sokn, som høyrde til Lavik i 1837, høyrer no til Hyllestad kommune, og området lengst vest på sørsida av fjorden, frå og med Ytre Tredalen og til Åkre, som hadde høyrd til Evenvik formannskapsdistrikt (Gulen kommune) i 1837, kom med i Høyanger kommune i 1964.«Kommunehistoria i Høyanger» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon

Folketalsutvikling Folketalsutvikling for noverande Høyanger kommune frå 1920: 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Kyrkjebø/Høyanger 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyråFolkemengd i Lavik 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010 3630a 5048a 5844a 5666a 5512a 5404 5033 4835 4653 4256

a Talet omfattar ikkje området rundt garden Nybø og bruket Nygjerdet, som var del av Vik kommune fram til det vart overført til Høyanger kommune ved kommunesamanslåinga i 1964. Dette området hadde då ingen innbyggjarar.

Høyanger sokn mini|Lavik sett frå fjorden mini|Vadheim Høyanger er eit kyrkjesokn i Sunnfjord prosti. Soknet vart oppretta 1. januar 1997, fram til då hadde området høyrd til Kyrkjebø sokn.Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Høyanger kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Soknet har ei kyrkje, Høyanger kyrkje som er frå 1960 og står i kommunesenteret Høyanger. Før kyrkja vart bygd vart fyrst klasserom på skulen, og sidan bedehuset, brukt som interimkyrkje.«Høyanger kyrkje» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon

Næringsliv Ein vinn ut aluminium ved aluminiumsverket til Norsk Hydro.

Kjende personar frå Høyanger Gunnar S. Gundersen, avdød kunstnar, voks opp i Høyanger Rolf Sagen (d. 2017), forfattar, grunnleggjar av Skrivekunstakademiet i Bergen Einar Førde (d. 2004), journalist, politikar for Arbeidarpartiet og kringkastingssjef for NRK. Marit Tusvik forfattar, diktar og dramatikar Erna Osland, forfattar Tell Teigen (d. 1958), akrobat Frode Søreide, programleiar Ivar Orvedal, lyrikar som voks opp i Måren Erling Norman Berge, oppfinnar av Berge grasfordeler

Venskapsbyar Ronneby

Kjelder

Bakgrunnsstoff Høyanger kommune Eldre fotografi frå Høyanger på nettstaden til Nasjonalbiblioteket Om Høyanger sokn på nettstaden til Den norske kyrkja

Oversikt over kommunale arkiv frå Kyrkjebø kommune i perioden 1862-1965 Oversikt over kommunale arkiv frå Høyanger kommune i perioden etter 1964

Kategori:Tidlegare kommunar i Sogn og Fjordane Kategori:Kommunar i Vestland Kategori:Sokn i Sunnfjord prosti