Havøysund kyrkje er ei langkyrkje frå 1961 i Måsøy kommune i Finnmark. Kyrkja ligg i Havøysund og høyrer til under Nord-Hålogaland bispedøme.

mini|venstre|Foto frå kirkenorge.no

Byggverket er i betong og tre og er bygd med 300 plassar. Arkitekt var Esben Poulsson.

Historie Den første kyrkja i Havøysund var ei kyrkje som opphavleg stod på Måsøya, men blei flytta til Kirkeøra i Havøysund i 1832. Seinare blei denne kyrkja flytta tilbake til Måsøya, men ho blei brend saman med resten av bygda under brenninga av Finnmark i 1944.Kirkene i Måsøy kommune, brosjyre frå kyrkja

Etter krigen avgjorde ein at hovudkyrkja skulle flyttast frå Måsøy til Havøysund att. Først heldt kyrkjelyden til i ei brakke, men etterkvart blei det reist eit kyrkjebygg. Dette blei innvigd av biskop Alf Wiig den 26. november 1961. Mykje av utstyret i kyrkja kom frå brakkekyrkja.

Utsmykking mini|venstre|Alterområdet i Havøysund kyrkje

Altertavla i kyrkja er måla av Terje Grøstad. Motivet er Kristus si oppstanding.

Kjelder

Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 , «Havøysund kirke, Havøysund», s. 99

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Måsøy Kategori:Kyrkjer i Hammerfest prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1960 Kategori:Esben Poulsson Kategori:Kulturminne i Måsøy Kategori:Langkyrkjer i Nord-Hålogaland bispedømme