Târgu Jiu (òg skrive Tîrgu Jiu) er ein by i Romania med om lag 75 000 innbyggjarar. Han er hovudstad i Gorj fylke i Oltenia og ligg ved foten av Dei sørlege Karpatane og ved breidda av elva Jiu. Byen vart første gong nemnd i 1406.

I 1960-åra førte kolindustrien til ein rask folkevekst. Andre lokale industriar er trevarer, maskinbygging, tekstilar, glassvarer og produksjon av sement.

Under den andre verdskrigen låg ein interneringsleir for politiske fangar (særleg frå det rumenske kommunistparitet) nær byen.

Busetnader mini|Kommunen Târgu Jiu innanfor Gorj fylke Târgu Jiu er ein municipiu (større bykommune) med desse busetnadane:

Folketal 2011 Folketal 2021 Târgu Jiu 77 376 67 751 696 639 830 828 809 831 207 207 641 998 548 544 930 1 211 467 536

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Târgu Jiu» frå , den 10. juli 2008.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Gorj fylke Kategori:Fylkeshovudstader i Romania Kategori:Municipiu i Gorj fylke