mini|Bolt set verdsrekord på 200-meter under OL i Beijing. mini|upright|Usain Bolt etter 100-meterfinalen i OL i 2008.
Usain Bolt () er ein jamaicansk sprintar som har sett fleire verdsrekordar og vunne fleire meisterskap, mellom anna OL. I engelskspråklege media vert han kalla «The Lightning Bolt» ('Lynet').International Association of Athletics Federations
Karriere Bolt vart fødd i Trelawny på Jamaica. Som 15-åring vann han ein gull- og to sølvmedaljar i juniorverdsmeisterskapen i friidrett i 2002 på heimebane i Kingston på Jamaica. I 2004 sprang han 200 meter på 19,93 sekund, og vart dermed den første junioren som sprang 200 meter på under 20 sekund. I 2007 sette han ny jamaicansk rekord på 200 meter med 19,75 sekund. I verdsmeisterskapen i friidrett i Osaka i 2007 vann han sølv på 200 meter, bak amerikanske Tyson Gay.
Bolt tok sin første verdsrekord på 100-meter den 31. mai 2008, med tida 9,72 sekund då han sprang på stemnet Reebok Grand Prix i New York. Dette var berre det femte seniorløpet hans på denne distansen. Under OL i Beijing i 2008 sette han nye verdsrekordar både på 100-meter (9,69 s) og 200-meter (19,30 s). Eitt år seinare, i august 2009, slo han begge desse rekordane med 9,58 s og 19,19 s under Verdsmeisterskapen i friidrett. Denne står enno som verdsrekord i 2018.
Bolt vert trena av Glen Mills og studerer ved University of Technology på Jamaica.
Fotball Bolt starta i 2018 trening med fotballklubben Strømsgodset, og spelte for denne klubben i ein venskapskamp mot det norske ungdomslandslaget (under 19 år). Han hadde nummer "9.58" på trøya som var hans eigen verdsrekord på 100 meter.
Personleg rekord (Per 27. juli 2008) DatoDistanseStadTid (sekund)31. mai 2008100 mBerlin9,58 22px|Verdsrekord 150 m 14,35 Manchester13. juli 2008200 mAthen i Hellas19,195. mai 2007400 mKingston på Jamaica45,28
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2004 i Aten: Uslått i forsøka på 200 m (21,05 =nr 40) VM 2005 i Helsinki: Nr 8 på 200 m – 26,27 VM 2007 i Osaka: Sølvmedalje på 200 m og i 4 x 100 stafett OL 2008 i Beijing: Gullmedalje på 100 m og 200 m VM 2009 i Berlin: Gullmedalje på 100 m og 200 m, og 4 x 100 m stafett VM 2011 i Daegu: Gullmedalje på 200 m og 4 x 100 m stafett OL 2012 i London:Gullmedalje på 100 m og 200 m, og 4 x 100 m stafett VM 2013 i Moskva: Gullmedalje på 100 m og 200 m, og 4 x 100 m stafett VM 2015 i Beijing: Gullmedalje på 100 m og 200 m, og 4 x 100 m stafett OL 2016 i Rio de Janeiro: Gullmedalje på 100 m og 200 m, og 4 x 100 m stafett VM 2017 i London: Bronsemedalje på 100 m
Kjelder
World Athletics
Bakgrunnsstoff
Kategori:Jamaicanske sprintarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Jamaica Kategori:Olympiske meistrar for Jamaica Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Vinnarar av Bislett-medaljen