Kosa Dvukh Pilotov er ei lang og smal øy i Tsjuktsjarhavet. Ho ligg utanfor kysten av Tsjukotkahalvøya i Tsjukotka autonome okrug i Russland.

Øya er 52,5 km lang, men berre i snitt 1 km brei. Ho er ein lang sandbanke eller odde mellom Tsjuktsjarhavet og Tynkurgynlagunane (Тынкургын) og Tynkergynpilgyn (Тынкэргынпильгын). Desse er isdekte det meste av året.

Namnet Kosa Dvukh Pilotov (russisk skrift коса Двух Пилотов) tyder neset til to pilotar, og er oppkalla etter Carl Ben Eielson og Earl Borland som omkom her i ei flyulukke i 1929.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kosa Dvukh Pilotov» frå , den 4. august 2008. oppgav desse kjeldene: Plassering Skipsvrak nær Kosa Dvukh Pilotov Kystsona ved Nordishavet

Kategori:Øyar i Arktis Kategori:Øyar i Russland Kategori:Tsjuktsjarhavet Kategori:Tsjukotka