Isfuglfamilien (Alcedinidae) er ei gruppe på omtrent 95 artar som går inn i ordenen Coraciiformes, råkefuglar, saman med mellom anna motmotar, råkar og bietarfamilien. Det største artsmangfaldet i isfuglfamilien finn vi i tropiske og subtropisk område i alle verdsdelar, men det finst somme artar som trengjer inn i kaldare soner spesielt i Nord-Amerika og i Sør-Amerika.
Isfugl (Alcedo atthis) vert ofte sett i Noreg og har hekka her om lag 20 gongar.
Skildring mini|høgre|Isfugl, Alcedo atthis mini|høgre|Asurisfugl, Ceyx azureus mini|høgre|Orientisfugl, Ceyx erithaca mini|høgre|Brunisfugl, Tanysiptera danae Isfuglar er små til mellomstore, mykje fargerike fuglar. Dei viktigaste kjenneteikna er nebb og føter. Sistnemnte er svært korte og syndaktyl – hos dei fleste artar er dei to ytre tærne vaksne saman i nesten heile lengda. Den indre tåa er ofte redusert. Dei fleste artane har langt, kraftig og rett nebb.
Nebbet varierer avhengig av føda: nebbet i gruppa «vassisfuglar» (Cerylinae) av fiskeetande artar og i gruppa «ekte isfuglar» (Alcedininae) er rett og peikar framover. Artar i den australske slekta Dacelo, kokaburra, har ganske breitt og ikkje så langt nebb, dei knuser byttedyra, små pattedyr og krypdyr. Ein spesiell art er kroknebbisfugl, Melidora macrorrhina, han har ein liten krok i enden av nebbet og er spesialisert til å hente fram små byttedyr i jord. Plogkokaburra, Clytoceyx rex, pløyer jorda på jakt etter meitemark med det kraftige, korte og breie nebbet.
Storleiken på isfuglar varierer mykje – frå den ti cm lange og om lag ti gram lette knøttisfugl (Ispidina lecontei) til den over 40 centimeter lange og 400 gram tunge arten latterkokaburra (Dacelo novaeguineae).
Utbreiing og levevis Isfuglar har ei kosmopolitisk utbreiing i tropane og tempererte strøk. Dei er fråverande frå polarområda og nokon av dei tørraste ørkenane i verda. Ei rekkje artar har nådd øygrupper, spesielt dei i sør og aust Stillehavet. Tropane i «den gamle verda» og Australasia er kjerneområdet for denne gruppa, medan Europa og Nord-Amerika nord for Mexico er svært dårleg representert. I Europa finst berre éin vanleg art, arten isfugl, i søraustlege Europa kan ein òg finne terneisfugl og kastanjeisfugl. I Nord-Amerika lever belteisfugl, og i tillegg eit par uvanlege eller svært lokale artar ringisfugl og grønisfugl i det sørvestlige USA. Dei seks artane som finst i Amerika er fire nært nærskylde grøne isfuglar i slekta Chloroceryle og to store isfuglar i slekta Megaceryle. Sjølv tropisk Sør-Amerika har berre fem artar pluss overvintrande belteisfuglar frå nord. Til samanlikning har det afrikanske landet Gambia åtte heimehøyrande artar på berre 192 x 32 kilometer.
Einskilde artar kan ha særs stor utbreiing, til dømes arten isfugl som ein finn frå Irland nord i Europa, sørover til Nord-Afrika og austover gjennom Asia så langt som til Salomonøyane i Australasia. Terneisfugl har ein omfattande distribusjon på tvers av Afrika og Asia. Andre artar har mykje meir avgrensa utbreiing, spesielt isolerte artar som er endemiske for einskilde små øyar. Til dømes er kofiauisfugl avgrensa til øya Kofiau utanfor Ny-Guinea.
Isfuglane held til i eit breitt spekter av habitat. Medan dei ofte er forbundne med elver og innsjøar, vert over halvparten av isfuglartane funne i skog og ved skogkledde bekker. Dei lever òg i eit breitt spekter av andre habitat. Rustgumpisfugl i Australia lever i dei tørraste ørkenane, men isfuglar er fråverande frå andre tørre ørkenar som Sahara. Andre artar lever høgt i fjellet, eller i ope skogsterreng, og ei rekkje artar lever på tropiske korallatollar. Mange artar har tilpassa seg menneskeskapte habitat, særleg ved skogsområde, og ein kan finne isfuglar på jordbruksområder, og dessutan i parkar og hagar i tettstader og byar. Verdas største isfugl, latterkokaburra, er ein skogsfugl i Australia. I kontrast har vi den europeiske arten isfugl med sitt liv ved vatn.
Isfuglar som lever ved vatn jaktar småfisk ved dukk eller stupdukk. Dei kan òg ete froskar og insekt. Dei som lever i skogshabitat tar mellom anna reptil.
Systematikk og taksonomi Inndelinga av isfuglar er særs kontroversiell. EBird/Clements Checklist frå 2018 listar 116 artar i Alcedinidae. Sibley-Ahlquist-taksonomi (1990) deler opp denne gruppa i tre mindre familiar, i følgje studiar av kromosom og DNA-DNA hybridisering. Etter den kategoriseringa er dette familiar av isfuglar: Alcedinidae, «ekte isfuglar», slektene Alcedo, Ceyx og Ispidina, dei som lever ved elver, Halcyonidae, slektene Lacedo, Dacelo , Clytoceyx , Cittura , Pelargopsis , Halcyon , Todirhamphus , Caridonax , Melidora , Actenoides , Syma , Tanysipteradei som lever i skog, og Cerylidae, slektene Megaceryle, Ceryle og Chloroceryle
Artsliste Isfuglar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Slekt Alcedo Herkulesisfugl, Alcedo hercules, Blyth's Kingfisher, Laubmann, 1917, (NT) Isfugl, Alcedo atthis, Common Kingfisher, Linné, 1758, (LC) Koboltisfugl, Alcedo semitorquata, Half-collared Kingfisher, Swainson, 1823, (LC) Indigoisfugl, Alcedo quadribrachys, Shining-blue Kingfisher, Bonaparte, 1850, (LC) Lakmusisfugl, Alcedo meninting, Blue-eared Kingfisher, Horsfield, 1821, (LC) Blåkjedeisfugl, Alcedo euryzona, Blue-banded Kingfisher, Temminck, 1830, (CR) Akvamarinisfugl, Alcedo coerulescens, Small Blue Kingfisher, Vieillot, 1818, (LC)
Slekt Ceyx Asurisfugl, Ceyx azureus, Azure Kingfisher, Latham, 1801, (LC) Bismarckisfugl, Ceyx websteri, Bismarck Kingfisher, Hartert, 1898, (VU) Safirisfugl, Ceyx cyanopectus, Indigo-banded Kingfisher, Lafresnaye, 1840, (LC) Kremstrupeisfugl, Ceyx flumenicolus, Northern Silvery-Kingfisher, Steere, 1890, (NT) Sølvisfugl, Ceyx argentatus, Southern Silvery-Kingfisher, Tweeddale, 1877, (NT) Alveisfugl, Ceyx pusillus, Little Kingfisher, Temminck, 1836, (LC) Orientisfugl, Ceyx erithaca, Black-backed Dwarf-Kingfisher, Linné, 1758, (LC) Raudryggisfugl, Ceyx rufidorsa, Rufous-backed Dwarf-Kingfisher, Strickland, 1847, (NR) Rosenisfugl, Ceyx melanurus, Philippine Dwarf-Kingfisher, Kaup, 1848, (VU) Sulawesiisfugl, Ceyx fallax, Sulawesi Dwarf-Kingfisher, Schlegel, 1866, (NT) Filippinarisfugl, Ceyx margarethae, Dimorphic Dwarf-Kingfisher, Blasius, 1890, (LC) Sulaisfugl, Ceyx wallacii, Sula Dwarf-Kingfisher, Sharpe, 1868, (NT) Halmaheraisfugl, Ceyx uropygialis, North Moluccan Dwarf-Kingfisher Opalisfugl, Ceyx lepidus, Seram Dwarf-Kingfisher, Temminck, 1836, (LC) Buruisfugl, Ceyx cajeli, Buru Dwarf-Kingfisher, Wallace, 1863, (NT) Nyguineaisfugl, Ceyx solitarius, Papuan Dwarf-Kingfisher, Temminck, 1836, (LC) Manusisfugl, Ceyx dispar, Manus Dwarf-Kingfisher, Rothschild & Hartert, 1914, (NT) Niuailanisfugl, Ceyx mulcatus, New Ireland Dwarf-Kingfisher, Rothschild & Hartert, 1914, (LC) Niubritenisfugl, Ceyx sacerdotis, New Britain Dwarf-Kingfisher, Ramsay, 1882, (LC) Bougainvilleisfugl, Ceyx pallidus, Bougainville Dwarf-Kingfisher Nygeorgiaisfugl, Ceyx collectoris, New Georgia Dwarf-Kingfisher, Rothschild & Hartert, 1901, (LC) Isabelisfugl, Ceyx meeki, North Solomons Dwarf-Kingfisher, Rothschild, 1901, (LC) Malaitaisfugl, Ceyx malaitae, Malaita Dwarf-KingfisherMayr, 1935 Guadalcanalisfugl, Ceyx nigromaxilla, Guadalcanal Dwarf-Kingfisher, Rothschild & Hartert, 1905, (LC) Makiraisfugl, Ceyx gentianus, Makira Dwarf-Kingfisher, Tristram, 1879, (LC)
Slekt Corythornis Tiaraisfugl, Corythornis cristatus, Malachite Kingfisher, Pallas, 1764, (LC) Madagaskarisfugl, Corythornis vintsioides, Malagasy Kingfisher, Eydoux & Gervais, 1836, (LC) Jungelisfugl, Corythornis leucogaster, White-bellied Kingfisher, Fraser, 1843, (LC) Gassarisfugl, Corythornis madagascariensis, Madagascar Pygmy-Kingfisher, Linné, 1766, (LC)
Slekt Ispidina Pygméisfugl, Ispidina picta, African Pygmy-Kingfisher, Boddaert, 1783, (LC) Knøttisfugl, Ispidina lecontei, African Dwarf Kingfisher, Cassin, 1856, (LC)
Slekt Lacedo Blåhettekokaburra, Lacedo pulchella, Banded Kingfisher, Horsfield, 1821, (LC)
Slekt Dacelo Latterkokaburra, Dacelo novaeguineae, Laughing Kookaburra, Hermann, 1783, (LC) Larmekokaburra, Dacelo leachii, Blue-winged Kookaburra, Vigors & Horsfield, 1827, (LC) Fregnekokaburra, Dacelo tyro, Spangled Kookaburra, Gray, GR, 1858, (LC) Kvitnebbkokaburra, Dacelo gaudichaud, Rufous-bellied Kookaburra, Gaimard, 1823, (LC)
Slekt Clytoceyx Plogkokaburra, Clytoceyx rex, Shovel-billed Kookaburra, Sharpe, 1880, (LC)
Slekt Cittura Harlekinisfugl, Cittura cyanotis, Lilac-cheeked Kingfisher, Temminck, 1824, (LC)
Slekt Pelargopsis Brunvengisfugl, Pelargopsis amauroptera, Brown-winged Kingfisher, Pearson, 1841, (NT) Storkenebbisfugl, Pelargopsis capensis, Stork-billed Kingfisher, Linné, 1766, (LC) Sotvengisfugl, Pelargopsis melanorhyncha, Great-billed Kingfisher, Temminck, 1826, (LC)
Slekt Halcyon Flammeisfugl, Halcyon coromanda, Ruddy Kingfisher, Latham, 1790, (LC) Kakaoisfugl, Halcyon badia, Chocolate-backed Kingfisher, Verreaux, J & Verreaux, E, 1851, (LC) Kastanjeisfugl, Halcyon smyrnensis, White-throated Kingfisher, Linné, 1758, (LC) Brunbrystisfugl, Halcyon gularis, Brown-breasted Kingfisher, Kuhl, 1820, (LC) Gråhovudisfugl, Halcyon leucocephala, Gray-headed Kingfisher, Statius Müller, PL, 1776, (LC) Svarthetteisfugl, Halcyon pileata, Black-capped Kingfisher, Boddaert, 1783, (LC) Javaisfugl, Halcyon cyanoventris, Javan Kingfisher, Vieillot, 1818, (LC) Lundisfugl, Halcyon senegalensis, Woodland Kingfisher, Linné, 1766, (LC) Mangroveisfugl, Halcyon senegaloides, Mangrove Kingfisher, Smith, A, 1834, (LC) Blåbrystisfugl, Halcyon malimbica, Blue-breasted Kingfisher, Shaw, 1812, (LC) Brunhovudisfugl, Halcyon albiventris, Brown-hooded Kingfisher, Scopoli, 1786, (LC) Savanneisfugl, Halcyon chelicuti, Striped Kingfisher, Stanley, 1814, (LC)
Slekt Todiramphus Papuaisfugl, Todiramphus nigrocyaneus, Blue-black Kingfisher, Wallace, 1862, (NT) Halsbandisfugl, Todiramphus winchelli, Rufous-lored Kingfisher, Sharpe, 1877, (VU) Molukkisfugl, Todiramphus diops, Blue-and-white Kingfisher, Temminck, 1824, (LC) Lazuliisfugl, Todiramphus lazuli, Lazuli Kingfisher, Temminck, 1830, (NT) Rustgumpisfugl, Todiramphus pyrrhopygius, Red-backed Kingfisher, Gould, 1841, (LC) Skogisfugl, Todiramphus macleayii, Forest Kingfisher, Jardine & Selby, 1830, (LC) Kvitryggisfugl, Todiramphus albonotatus, New Britain Kingfisher, Ramsay, 1884, (NT) Salomonisfugl, Todiramphus leucopygius, Ultramarine Kingfisher, Verreaux, J, 1858, (LC) Vanuatuisfugl, Todiramphus farquhari, Vanuatu Kingfisher, Sharpe, 1899, (NT) Marquesasisfugl, Todiramphus godeffroyi, Marquesas Kingfisher, Finsch, 1877, (CR) Mangaiaisfugl, Todiramphus ruficollaris, Mewing Kingfisher, Holyoak, 1974, (VU) Tahitiisfugl, Todiramphus veneratus, Society Kingfisher, Gmelin, 1788, (LC) Niauisfugl, Todiramphus gertrudae, Niau KingfisherMurphy, 1924 Skratteisfugl, Todiramphus tutus, Chattering Kingfisher, Gmelin, 1788, (LC) Stillehavsisfugl, Todiramphus sacer, Pacific KingfisherGmelin, 1788 Palauisfugl, Todiramphus pelewensis, Palau Kingfisher, Wiglesworth, 1891, (NT) Guamisfugl, Todiramphus cinnamominus, Guam Kingfisher, Swainson, 1821, (EW) Pohnpeiisfugl, Todiramphus reichenbachii, Pohnpei Kingfisher, Hartlaub, 1852, (VU) Samoaisfugl, Todiramphus recurvirostris, Flat-billed Kingfisher, Lafresnaye, 1842, (LC) Louisiadeisfugl, Todiramphus colonus, Colonist KingfisherHartert, 1896 Nefrittisfugl, Todiramphus sordidus, Torresian KingfisherGould, 1842 Maskaraisfugl, Todiramphus sanctus, Sacred Kingfisher, Vigors & Horsfield, 1827, (LC) Jadeisfugl, Todiramphus chloris, Collared Kingfisher, Boddaert, 1783, (LC) Strandisfugl, Todiramphus saurophagus, Beach Kingfisher, Gould, 1843, (LC) Marianeisfugl, Todiramphus albicilla, Mariana KingfisherDumont, 1823 Melanesiaisfugl, Todiramphus tristrami, Melanesian KingfisherLayard, EL, 1880 Sørgjeisfugl, Todiramphus funebris, Sombre Kingfisher, Bonaparte, 1850, (VU)