mini|Chandra-røntgenbilete av NGC 6240 lagt oppå eit optisk bilete av galaksen. Dei to lyspunkta er røntgenstråling sendt ut av plasma i akkresjonskivene til dei to svarte hòla.Never «Before Seen: Two Supermassive Black Holes in Same Galaxy» - Chandra-pressemelding i samband med oppdaginga av to svarte hòl i NGC 6240. NGC 6240 er ein galakse og restane etter to tidlegare galaksar som har slegne seg saman til éin. Galaksen ligg rundt 400 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Slangeberaren. Observasjonar gjorde med NASA sitt Chandra-teleskop har avslørt to gigantiske svarte hòl i galaksen. Dei ligg rundt 3000 lysår frå kvarandre, driv mot kvarandre og vil etter kvart smelta saman til eitt. Samansmeltingsprossen starta for runt 30 millionar år sia og fekk sett i gang hyppig stjernedanning og førte til ei rekkja supernovaeksplosjonar. Ein reknar med at dei svarte hòla vil ha smelta saman om ti til hundrevis av millionar av år.
Kjelder
Denne artikkelen i sin heilskap baserer seg på pressemelding STScI-2008-16 frå Space Telescope Science Institute.
Kategori:Vekselverkande galaksar 6240 Kategori:Slangeberaren