Istra (russisk skrift И́стра) er ei elv i Moskva oblast i Russland og ei av sideelvane til Moskvaelva frå venstre. Elva er 113 km lang og har eit nedslagsfelt på . Elva har ei middelvassføring på 11,3 m³/s, målt 12 km frå munningen.
I øvre del av Istra ligg Istrinskojereservoaret med eit areal på 33,6 km². Dette vert nytta til vasskraft og som vasskjelde for byen Moskva.
Elva vert nytta til vassturisme.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Истра (река)» frå , den 30. oktober 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Moskva oblast