Lørenskog er ein kommune i Akershus fylke. Kommunen grensar i nord mot Lillestrøm kommune, i aust til Rælingen, i sør til Enebakk og i vest til Oslo. Motivet i kommunevåpenet er eit vasshjul.

Kommunen blei skild ut frå Skedsmo som eigen kommune i 1908. På den tida var Lørenskog mest kjent for ei stor del romanifolk (taterfolk) som budde der og som hytteområde for Oslo-folket. Kommunen hadde 40 000 innbyggere i 1. kvartal 2019.

mini|venstre|Blokkene på Skåreråsen, sett frå Olavskilden, er dominerande element i landskapet på Lørenskog.

Kommunen har eit areal er på 71 km². Store delar av kommunen i sør omfattar lørenskogdelen av den utbyggingsvera Østmarka. Dei aller fleste innbyggjarane bur derfor nord i kommunen. Gardsbruk tek opp plassen imellom. Kommunen har gått frå å vera ein jordbrukskommune til å bli ein urban forstad til Oslo. Tendensen skaut fart på 1980-talet, då kommunen fekk bygga både dagens Lørenskog Storsenter (Triaden) og Metro-senteret som trekk til seg kundar frå heile Oslo og Romerike-distriktet.

Kjende personar frå Lørenskog Elisabeth Granneman (1930-1992), revyartist Rolf Løvland (f. 1955), komponist Henning Berg (f. 1969), fotballspelar Thomas Alsgaard (f. 1972), skiløpar John Carew (f. 1979), fotballspelar Marte Huke (f. 1974), lyrikar Marit Larsen (f. 1983), popartist Marion Ravn (f. 1984), popartist

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lørenskog kommune» frå , den 12. september 2020.

Bakgrunnsstoff Lørenskog kommune (Offisiell nettstad)

Kategori:Kommunar i Akershus