Pavlovskij Posad (russisk Па́вловский Поса́д) er ein by i Moskva oblast i Russland. Han ligg rundt 70 km aust for Moskva, ved samløpet av elvane Kljazma og Vokhna. Jernbanelinja Moskva–Vladimir går gjennom byen.
Historie mini|venstre|Jernbanestasjonen i Pavlovskij Posad mini|venstre|Eit typisk hus i Pavlovskij Posad Byen oppstod som landsbyen Pavlovo alt i 1328. På 1700-talet utvikla det seg her ein tekstilindustri som i løpet av åre gav byen eit godt rykte. Dette førte til ein næringslivsmessig oppsving, gjennom handel med varene som vart produsert her. I 1844 vart Pavlovo slått saman med nokre nærliggande landsbyar og fekk bystatus under det nye namnet Pavlovskij Posad. Fram til byrjinga av 1900-talet voks byen gjennom ytterlegare industriskipingar, hovudsakleg tekstilfabrikkar.
Heilt frå starten låg landsbyen på jordområda til klosteret Troitse-Sergijeva Lavra i Den russisk-ortodokse kyrkja. Seinare (frå midten av 1600-talet) hamna landområdet inn under staten. På grunn av denne spesielle forhistoria var Pavlovskij Posad aldri underlagt det russiske liveigenskapet.
Økonomi og industri Tekstilindustrien er framleis den viktigaste industrien i dagens Pavlovskij Posad. Etter Sovjetunionen kollapsa og fram til i dag har tekstilindustrien i Russland vore i dårleg forfatning, sidan konkurransen med asiatiske land var for sterk og kom for brått for særs mange føretak og mange bukka under. Derimot var det enkelte fabrikkar som overlevde gjennom å finne smale produktnisjer som dei spesialiserte seg på. Den mest kjende fabrikken i Pavlovskij Posad - Pavlovo-Posadskaja Manufaktura produserer framleis tradisjonelle russiske skaut og sjal og sidan han er den einaste fabrikken som masseproduserer sjal i Russland så ser den finansielle fremtida lys ut for fabrikken. Andre fabrikkar overlevde ved å konsentrere seg om brannslokkingsutstyr (som brannslangar), medan andre produserer liturgiske klede for ortodokse prester.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Pavlovskij Posad» frå , den 17. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1320-åra