mini|Tjøme kommune på kart over Vestfold mini|upright|Kommunevåpenet til Tjøme Tjøme er ein tidlegare kommune i Vestfold fylke, som frå 1. januar 2018 er ein del av Færder kommune. Den tidlegare kommunen låg på øyene Tjøme, Brøtsø og Hvasser. Kommunen hadde grenser til Tønsbergfjorden og Sandefjord kommune i vest, til Vrengensundet og Nøtterøy kommune i nord, og til Oslofjorden i aust og sør. Høgaste punkt var 78 moh.
Kjende folk frå Tjøme Alf Larsen (1885–1967), forfattar og kulturdebattant Aasmund Brynildsen (1917–1974), forfattar og forlagsmann Tom Kristensen (f. 1955), kriminalforfattar og siviløkonom
Bakgrunnsstoff Tjøme kommune
Kategori:Tidlegare kommunar i Vestfold Kategori:Færder kommune Kategori:Norske kommunar nedlagde i 2017