«Lucy in the Sky with Diamonds» er ein song skriven av John Lennon og Paul McCartney og innspelt av The Beatles for albumet Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band i 1967.
Arrangement Songen har eit samansett arrangement som er typisk for seinare Lennon-McCartney komposisjonar. Songen skiftar takt frå 6/8 i versa til 4/4 i refrenga. Songen skiftar òg samstundes toneart frå A dur i versa til B♭ dur i delen før refrenget eller mellomspelet til G-dur i refrengetThe Beatles - Complete Scores av the Beatles. Hal Leonard Corporation (1. juni 1993) ISBN 978-0793518326. Han består av ein enkel melodi (liknande ein barnesong) sungen av Lennon.The Complete "Beatles" Recording Sessions: The Official Story of the Abbey Road Years av Mark Lewisohn. Hamlyn (Sep 1988) ISBN 0-600-55798-7 s. 100
Medverkande John Lennon: solovokal og harmonivokal, rytmegitar, akustisk gitar og piano. Paul McCartney: Lowreyorgel, bass og harmonivokal. George Harrison: sologitar og tamboura. Ringo Starr: trommer og tamburin George Martin – piano
Tekst og tittel I følgje the Beatles kom son til Lennon, Julian, heim frå barnehagen ein dag i 1966 med ei teikning av ei klasseveninne, Lucy. Han viste teikninga til faren og skildra bilete som «Lucy – in the sky with diamonds»Denne historia vart fortald fleire gonger av Julian Lennon, mellom anna på BBC Radio 2-programmet Sounds of the 60s den 2. februar 2008.
I følgje Paul McCartney var dei aldri klar over referansen til LSD i tittelen før nokon gjorde dei merksam på dette, men dette var det visst få som trudde på.The Beatles, Anthology, s. 242 Lennon stadfesta dette i eit intervju i 1971 og produsent George Martin nekta for at tittelen var ein referanse til LSD i boka The Complete Beatles Recording Sessions av Mark Lewisohn. Lewisohn skriv likevel at det ikkje kan vere tvil om at det var nettopp slike stoff som gav slike fargerike tekstbilete hos Lennon
Andre versjonar
Den mest suksessrike nyinnspelinga av songen vart gjort av Elton John i 1974 med korvokal og gitar av John Lennon (som nytta pseudonym Dr. Winston O’Boogie). Singelen gjekk til topps på den amerikanske Billboard pop-lista i to veker i januar 1975.
Andre artistar som har spelt inn songen eller framført han på konsertar er The Hooters, Queensryche, Frank Zappa, Katie Melua, Grateful Dead, The Black Crowes, Bono og Natalie Cole.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lucy in the Sky with Diamonds» frå , den 8. februar 2009. oppgav desse kjeldene: Paul McCartney's BBC Interview
Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar frå 1967 Kategori:Elton John-songar Kategori:Singlar frå 1974 Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Britiske psykedeliske rockesongar Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:Songar produserte av Gus Dudgeon Kategori:MCA Records-singlar Kategori:DJM Records-singlar Kategori:Warner Bros. Records-singlar Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Songar om narkotika Kategori:Gabor Szabo-songar Kategori:William Shatner-songar Kategori:Natalie Cole-songar Kategori:Hooters-songar Kategori:Marc Anthony-songar Kategori:Katie Melua-songar Kategori:Mercury Rev-songar Kategori:Bono-songar Kategori:Cheap Trick-songar Kategori:The Flaming Lips-songar Kategori:Miley Cyrus-songar Kategori:Moby-songar Kategori:Hugo Montenegro-songar