The Curse of Monkey Island er eit eventyrspel utvikla og utgjeve av LucasArts, som det tredje dataspelet i Monkey Island-serien. Spelet kom ut i 1997 og var etterfølgjaren til The Secret of Monkey Island og Monkey Island 2: LeChuck's Revenge. Det er det tolvte og siste LucasArts-spelet som bruker spelemotoren SCUMM.

The Curse of Monkey Island er det første Monkey Island-spelet med stemmeskodespel og har ein meir teiknefilmaktig grafisk stil enn dei tidlegare spela i serien. Historia i spelet fokuserer på Guybrush Threepwood, som må redde kjærasten Elaine Marley frå ei forbanning. I løpet av handlinga må han kjempe mot piratar, ein rivaliserande stereotypisk fransk buccaneer, mordariske smuglarar og den gamle fienden LeChuck.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Dataspel frå 1997 Kategori:Eventyrspel Kategori:Monkey Island Kategori:Windows-spel