Haltdalen nye stavkyrkje står i Haltdalen i Holtålen kommune i Trøndelag fylke og er ei einskipa langkyrkje frå 2004. mini|venstre|Gamlekyrkja, Haltdalen stavkyrkje frå kring 1170, står på Sverresborg i Trondheim. Ho er ein kopi av Haltdalen stavkyrkje frå siste halvdelen av 1100-talet. Kyrkja er eigd av stiftinga Haltdalen stavkirke og Gammelgården.
Gamlekyrkja vart riven og flytt til museum i Trondheim etter at Haltdalen kyrkje stod ferdig i 1881.«Haltdalen stavkirke» på nettstaden til Trøndelag Folkemuseum Originalen står no på Trøndelag Folkemuseum på Sverresborg i Trondheim. Haltdalen Historielag bad i 1986 om at Haltdalen stavkyrkje skulle flyttast attende til Haltdalen, men Trøndelag Folkemusem sette seg mot. Fylkeskonservator Jonas Gill Haanshuus foreslo i staden at det skulle byggjast ein kopi av stavkyrkja i Haltdalen, og i 1997 la han fram teikningar til ei slik kyrkje. På teikningane var det teke med svalgangar slik den gamle kyrkja opphavleg hadde. Stiftinga Haltdalen stavkirke og Gammelgården vart skipa med det mål å verkeleggjere planane. Vyrke til bygget vart henta i statsalmenningane i Haltdalen. Som i mellomalderen var det malmfuru som vart vald ut, og dei eldste trea som vart tekne ut var over 300 år gamle. Verksemda Ålen Laft bygde kyrkja og Arne Bergan leidde arbeidet. Det vart lagd vinn på at bygginga skulle skje likast råd slik gamlekyrkja var bygd; reiskapar og teknikkar skulle vere som dei hadde vore på 1100-talet.
Kyrkja vart vigsla av Nidaros-bispen 29. august 2004.
mini|venstre|Stavkyrkja på Heimaey er også ein kopi av Haltdalen stavkyrkje.
Også stavkyrkja som vart gjeven i gåve frå Noreg til Island ved det islandske tusenårsjubileet for kristninga i 2000 er ein kopi av Haltdalen stavkyrkje. Ho står på Heimaey på Island.
Referansar
Bakgrunnsstoff Om Haltdalen kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Sør-Trøndelag» på nettstaden til Arkivverket
Kategori:Kyrkjer i Holtålen Kategori:Kyrkjer i Gauldal prosti Kategori:Langkyrkjer i Nidaros bispedømme Kategori:Nye stavkyrkjer Kategori:Norske kyrkjer frå 2004