Lars Knutson Liestøl () var ein norsk lensmann, gardbrukar og politikar for partiet Venstre. Liestøl var statsråd og sjef for Revisjonsdepartementet frå 5. mars 1888 til 22. februar 1889 i Johan Sverdrups regjering. Frå oktober til desember 1888 leidde han også Indredepartementet. Knut Larsson Liestøl og hustru Gyro Grundesdotter var foreldra hans. Knut Liestøl var ein brorson.

Liv og gjerning Liestøl vart innvald til Stortinget i heile ti periodar, første gong i 1874. Han døyde før han tok fatt på sin tiande periode. Mesteparten av tida var han medlem av justiskomiteen.

Liestøl var sterkt engasjert i målsaka, og var i 1885 med å vedta jamstillinga mellom dei to målformene i landet.Ottar Grepstad: «Språkleg valfridom: eit demokratisk dilemma». Føredrag på Språk 2005 i Bærum kulturhus, Sandvika 9. april 2005.

Liestøl var lensmann i Bygland frå 1866 til 1888 og hadde rydningen på garden Frøysnes frå 1870. Han sat i Bygland heradsstyre i 36 år og var ordførar i bygda i tolv år. Han hadde i tillegg ein rekkje lokale offentlege verv.

Han var sjølvlærd i engelsk språk, og studerte engelsk og særskild amerikansk historie. Han hadde også særskilde evner for teikning.

Han vart i 1899 utnemnd til riddar av St. Olavs Orden.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lars Knutson Liestøl» frå , den 15. juni 2008.

Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgjeve av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Grøndahl & Søns Forlag, Oslo, 1947

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Norske gardbrukarar frå 1900-talet Kategori:Norske statsrådar 1884-1905 Kategori:Venstrestatsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar 1898-1900 Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Stortingsrepresentantar for Aust-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Ordførarar i Bygland Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Målfolk Kategori:Folk frå Bygland Kategori:Folk frå Åseral