mini|upright|Den rumensk-amerikanske songaren Alma Gluck tok Alma som kunstnarnamn. Alma er eit personnamn som kan bruakst av begge kjønn; på norsk er det eit kvinnenamn. Alma har namnedag den 8. september i Noreg og Sverige.

Avleiing Namnet er laga i nyare tid og har ukjend opphav. Det kan stamma frå elva Alma på Krim-halvøya som var åstad for eit slag under Krimkrigen i 1854. Namnet kan òg knytast til den feminine forma av latinsk almus, 'nærande', som blei brukt om romerske gudinner og seinare i omgrepet alma mater, og er det spanske ordet for 'sjel'.

Bruk Namnet var ikkje i bruk i Noreg ved byrjinga av 1800-talet. Ved folketeljinga i 1865 var det derimot registrert 190 som heitte Alma, 87 av dei i Østfold, 30 i Oslo og 22 i Akershus.Søk i Digitalarkivet. Ingen Alma er registrert i folketeljinga frå 1801.

Alma var mykje brukt i Noreg frå rundt 1880 og fram til rundt 1905, då om lag 0,5 % av nyfødde jenter fekk namnet kvart år. Det var deretter lite gjeve før bruken tok seg opp rundt 2000. I 2009 var det 1 135 norske kvinner som heitte Alma.

mini|upright|Den svenske modellen Alma Ufo blei gjeven namnet Alma som liten. Namneberarar Alma Lund (1854–1932), finsk-norsk operasongar og skodespelar Alma Bodén (1859–1947), svensk operasongar og skodespelar Alma Maria Mahler-Werfel, fødd Schindler (1879–1964), austerriksk komponist og kunstnar Alma Gluck, fødd Reba Feinsohn (1884-1938), rumensk-amerikansk sopran Alma Bennett (1889–1958), amerikansk skodespelar Alma Taylor (1895–1974), engelsk skodespelar Alma Halse (1907–1969), norsk predikant og barneheimsstiftar Alma Cogan (1932–1966), britisk songar

Alma som mannsnamn Lawrence Alma-Tadema (1836–1912), britisk målar, brukte etterkvart mellomnamnet som etternamn Alma Richards (1890–1963), amerikansk friidrettsutøvar

Kjelder

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Mannsnamn Kategori:Tvikjønna namn