Søren Wilhelm Thorne () var ein norsk prest og stortingsmann. Han var yngre bror av Johan Frederik Thorne.
Thorne var fødd i Drammen, der far hans var kjøpmann. Søren gjekk ut frå Drammens skole i i 1823, og vart uteksaminert cand. theol. frå universitetet i hovudstaden i 1829. Han var to år timelærar ved skulen i Drammen der han tidlegare var elev. Deretter sokneprest i Håland prestegjeld i dagens Rogaland frå 1831. 1840-1848 var han sokneprest i Leikanger i Sogn. Sidan 1848 sokneprest på Kongsberg i 29 år. På Kongsberg var han forlikskommissær og medlem av bystyret. I sistnemnde verv arbeidde han for forbetringar i skulestellet.
Thorne reprensenterte Kongsberg på Stortinget på alle fire stortinga frå 1854 til 1859-60. Han var på alle tingsamlingane medlem av ein av dei to næringskomiteane. På dei tre siste stortinga sat han også i Lagtinget.
Han døydde på Kongsberg.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914, Kristiania 1914
Kategori:Folk frå Drammen Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar for Kongsberg Kategori:Norske prestar