Besso er eit 3 667 meter høgt fjell i Wallis-Alpane i Sveits, i kantonen Valais.

Namnet Besso tyder tvillingane på Val d'Hérens-dialekta og viser til fjellet sine to tvillingtoppar.

Fyrsteklivinga av fjellet vart truleg føreteken av fjellførarane J. B. Epinay og J. Vianin i 1862. Den klassiske ruta til topps går langs sørvestegga. Ho vart truleg klatra fyrste gongen av eit klatrelag leia av R. L. G. Irving.

Mountet-hytta på 2 886 meter er utgangspunkt for dei som kliv normalruta, også kalla dameruta.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Besso» frå , den 14. november 2009.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Valais