Dei seremonielle grevskapa i England (engelsk ceremonial counties) er område i England som får utnemnt ein statthaldar (lord-lieutenant), ein personleg representant for den britiske monarken. Grevskapa er definert av regjeringa, og følgjer i utgangspunktet grensene for administrative grevskap; i mange tilfelle er det seremonielle ofte større enn det administrative, for enkelte byer er sjølvstyrte einingar som ikkje er underlagt eit grevskap. Når ein omtalar eit grevskap som ein geografisk eining, er det oftast det seremonielle ein siktar til.

Kart

<li>Northumberland <li>Tyne and Wear <li>Durham <li>Cumbria <li>Lancashire <li>North Yorkshire <li>East Riding of Yorkshire <li>South Yorkshire <li>West Yorkshire <li>Stor-Manchester <li>Merseyside <li>Cheshire <li>Derbyshire <li>Nottinghamshire <li>Lincolnshire <li>Rutland <li>Leicestershire <li>Staffordshire <li>Shropshire <li>Herefordshire <li>Worcestershire <li>West Midlands <li>Warwickshire<li>Northamptonshire <li>Cambridgeshire <li>Norfolk <li>Suffolk <li>Essex <li>Hertfordshire <li>Bedfordshire <li>Buckinghamshire <li>Oxfordshire <li>Gloucestershire <li>Bristol <li>Somerset <li>Wiltshire <li>Berkshire <li>Stor-London <li>Kent <li>East Sussex <li>West Sussex <li>Surrey <li>Hampshire <li>Isle of Wight <li>Dorset <li>Devon <li>CornwallFil:EnglandCountiesCere.pngIkkje vist: City of London, ligg innanfor Stor-London.

Historie

Etter at det i 1888 vart oppretta nye styringsorgan og einingar – grevskapsråd (county council) og grevskapsvalkrins (county borough) – vart løytnantskapet reformert. Nokre stader hadde lenge hatt ein kongeleg løytnant, som til dømes Bristol, men andre stader nytta ein dei tradisjonelle grevskapa som basis for å opprette seremonielle grevskap. Dei administrative grevskapa vart sett saman med sjølvstyrte valkrinsar; det seremonielle Leicestershire består av det administrative Leicestershire pluss grevskapsvalkrinsen Leicester. Område som vart delt, som Suffolk (delt i East Suffolk og West Suffolk, vart halde som eitt seremonielt grevskap.

Skilnaden mellom dei tradisjonelle og dei nye grevskapa er i dei fleste tilfelle ikkje så stor, men nokre byar vart flytt, anten i 1888 eller på seinare tidspunkt. Den einaste store skilnaden er at ein tidlegare hadde Grevskapet London; i 1965 vart Stor-London (Greater London) oppretta, og løytnantskapet Middlesex vart avskaffa som følgje av dette.

I 1974 vart grevskapsvalkrinsane avskaffa, og det vart gjort ei større reform av dei administrative grevskapa. Fleire grevskap vart oppløyst og fordelt på andre i 1990-åra: Avon, Cleveland, Hereford and Worcester, og Humberside.

Definisjonar

Bedfordshire, inkludert Luton Berkshire Bristol Buckinghamshire, inkludert Milton Keynes Cambridgeshire, inkludert Peterborough Cheshire, inkludert Halton og Warrington City of London Cornwall, inkludert Scilly-øyane Cumbria Derbyshire, inkludert Derby Devon, inkludert Plymouth og Torbay Dorset, inkludert Bournemouth og Poole Durham, inkludert Darlington, Hartlepool, og Stockton-on-Tees nord for elva East Riding of Yorkshire, inkludert Kingston-upon-Hull East Sussex, inkludert Brighton and Hove Essex, inkludert Southend-on-Sea og Thurrock Gloucestershire, inkludert South Gloucestershire Greater London, unntatt City of London Greater Manchester Hampshire, inkludert Southampton og Portsmouth Herefordshire Hertfordshire Isle of Wight Kent, inkludert Medway Lancashire, inkludert Blackburn with Darwen, og Blackpool Leicestershire, inkludert Leicester Lincolnshire, inkludert North Lincolnshire, og North East Lincolnshire Merseyside Norfolk North Yorkshire, inkludert York, Middlesbrough, Redcar and Cleveland, og Stockton-on-Tees sør for elva Northamptonshire Northumberland Oxfordshire Rutland Shropshire, inkludert Telford and Wrekin Somerset, inkludert Bath and North East Somerset og North Somerset South Yorkshire Staffordshire, inkludert Stoke-on-Trent Suffolk Surrey Tyne and Wear Warwickshire West Midlands West Sussex West Yorkshire Wiltshire, inkludert Swindon Worcestershire

Sjå òg

Administrativt grevskap Grevskap i England

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Seremonielt grevskap (England)» frå , den 16. november 2009.

Kategori:Grevskap i England Kategori:Administrative område i England