Ismail Kadaré () er ein albansk forfattar. Kadaré studerte litteraturvitskap i Tirana og Moskva. Etter at Albania og Sovjetunionen braut med kvarandre, arbeidde han som journalist i Tirana. Sidan heldt han i fleire år fram som berre forfattar. Han flytta til Paris tidleg på 1990-talet, og der har han budd sidan.

Kadaré har skrive fleire titals bøker, og mange av romanane hans er omsette til meir enn 40 språk. Dei mest kjende bøkene hans vart skrivne under kommunistregimet i Albania. Kadaré har dei siste åra ofte vorte nemnd som ein mogleg kandidat til nobelprisen i litteratur. Han vart i 2009 tildelt Fyrsten av Asturias-prisen for litteratur.«Premiados 2009» hjå Fundación Príncipe de Asturias.

Verk på norsk 1968 – Bryllupet (roman, omsetting ved Torstein Bugge Høverstad), Forlaget Oktober (1972) 1985 – Den døde hærs general (roman) 1990 – Hvem fulgte Doruntine hjem? (roman) 1991 – Drømmenes palass (roman) 1991 – Albansk vår: krønike, brev, refleksjoner 1992 – H for Homer (roman) 1993 – Avbrutt april (roman) 1999 – Tre sørgesanger for Kosovo

Kjelder Referansar

Kategori:Albanske forfattarar