27. august er den 239. dagen i den gregorianske kalenderen (240. under skotår). Det er 126 dagar att av året.
Merkedag
Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar 100px|Det moldoviske flaggetSjølvstendedag i Moldova
Religiøs helgedag
Namnedag
Helgendag i den katolske kyrkja Den heilage Monika
Tidlegare merkedagar Romarane feira volturnalia til ære for vassguden Volturnus
Hendingar
Utlandet 1859: Boringa av verdas første oljekjelde blei utført i Titusville i Pennsylvania av den amerikanske ingeniøren Edwin Drake. 1921: Storbritannia innsette sonen av opprørsleiaren Sharif Hussein bin Ali som kong Faisal I av Irak. 1939: Verdas fyrste fly med jetmotor, ein Henkel He 178, gjennomførte ein åtte minuttar lang testtur. 1985 General Ibrahim Babangida overtok makta i Nigeria gjennom eit ublodig kupp. 1991: Oppløysinga av Sovjetunionen. EU anerkjende sjølvstendet til Estland, Latvia og Litauen. Også Moldova erklærte sjølvstende.
Noreg 1936: Noregs veterinærhøgskule i Oslo vart opna av kong Haakon VII. 1950: Sverre Strandli vart i Brussel europameister i sleggjekast. 1960: Opninga av Akvariet i Bergen. 1969: Opninga av dei tre første distriktshøgskulane i Noreg: Rogaland distriktshøgskule, Møre og Romsdal distriktshøgskule og Agder distriktshøgskule.
Fødde
1770: Georg Wilhelm Friedrich Hegel, tysk filosof 1809: Halvor Torjusson Skjerkholt, norsk bonde og politikar 1814: Heinrich Ernst Schirmer, tysk arkitekt 1908: Lyndon B. Johnson, USA-amerikansk president 1926: Kristen Nygaard, norsk informatikar og politikar 1930: Aase Foss Abrahamsen, norsk forfattar 1933: Kerstin Ekman, svensk forfattar 1975: Janove Ottesen, norsk musikar
Døde
1521: Josquin des Prez, flamsk komponist 1840: Herman Wedel-Jarlsberg, norsk politikar 1926: Andreas Austlid, norsk skulemann og forfattar 1965: Le Corbusier, sveitsisk arkitekt 1967: Brian Epstein, britisk forretningsmann og Beatles-manager 1975: Haile Selassie, etiopisk statsleiar 1979: Louis Mountbatten, britisk admiral og statsmann (snikmord) 2013: Ola Stemshaug, norsk språkgranskar