Pizzo di Campo Tencia er eit fjell i Lepontin-Alpane i kantonen Ticino i Sveits. Fjellet ligg mellom dalane Leventina og Valle Maggia. Med ei høgd på 3 071 m er fjellet det høgste som ligg inne kantonen Ticino, men det er høgre toppar på kantonsgrensa i Adula-Alpane og Monte Basòdino. Campo Tencia er òg namnet på isbreen som strekker i nordaustleg og nordleg retning frå fjlltoppen.
Nordnordaust for Pizzo di Campo Tencia ligg fjellhytta Capanna Campo Tencia på 2 140 meter over havet. Ho vart reist i 1912 og var den fyrste overnattingshytta som Ticino-avdelinga av Schweizer Alpen-Club bygde.
Eit klatrelag beståande av føraren Peter Sulzer, Gottlieb Samuel Studer, W. Lindt og F. Aebi var dei fyrste som kleiv til topps, 1867.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Campo Tencia» frå , den 8. mars 2010.
Bakgrunnsstoff Campo Tencia on SummitPost.org
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Ticino