Arne Gauslaa () var ein norsk redaktør, kommunistisk arbeidaraktivist og seinare motstandsmann. Han var frå 1934 til 1941 leiar i NKU og redaktør for avisa Klassekampen (som ikkje er den same som noverande Klassekampen).

Som 17-åring deltok han aktivt og blei arrestert og fengsla i det harde og vidgjetne Menstadslaget, der forsvarsminister Vidkun Quisling sette statspolitiet og militæret inn mot streikande arbeidarar. Arne Gauslaa var aktivt med i den kommunistiske motstandsrørsla under okkupasjonen av Noreg. Han blei organisasjonssekretær i NKPs og hadde bygginga av eit nettverk for direkte motstand og illegalt arbeid som hovudoppgåve. På denne måten kom Arne Gauslaa i kontakt med motstandsrørsla mange stader i landet. I tillegg var han med i NKPs sentralkomite av 1941, og var mellom dei 21 falne av dei opphavlege 26 medlemene i komiteen. Han blei drepen 30. oktober 1942 ved Modum i kamp med Gestapo.

Kjelder

NKP: Arne Gauslå Handboka i lagarbeid, Norges kommunistiske ungdomsforbund, Oslo 1946

Artikkel om Arne Gauslaa på bokmålswikipedia

Kategori:NKP-politikarar Kategori:Norsk arbeidarhistorie Kategori:Folk frå Porsgrunn Kategori:Myrda journalistar Kategori:Nordmenn frå andre verdskrigen Kategori:Nordmenn falne i andre verdskrigen