Mykola Kornilovitsj Pymonenko () var ein ukrainsk og russisk målar. Pymonenko var ein av dei fremste sjangermålarane i Ukraina og vart møtt med fagnad i det russiske imperiet. Han var medlem av St. Petersburgs kunstakademi frå 1904 og av kunstrørsla Peredvizjnikij.
Liv og gjerning mini|venstre|Påskemorgonbøn i Kviterussland mini|venstre|Offer for fanatisme, 1901 Mange av Pymonenkos måleri er allmenngjorde portrett over, og ei lekamleggjering av, ei folkeleg oppfatning om arbeidsmennesket. Tematisk vende han seg òg mot bøndene og deira arbeid, framstilte typiske scener frå kvardagslivet med landskap i bakgrunnen.
Pymonenko laga illustrasjonar til fleire av Taras Sjevtsjenko sine dikt. Hans totale produksjon var på over 700 sjangerbilete, landskapsmåleri og portrett. Pymonenko tok elles del i målinga av veggmåleria i Volodymyrskatedralen i Kiev.
Han var fødd i Kiev og døydde i same byen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mykola Pymonenko» frå , den 29. mars 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori: Russiske målarar Kategori: Ukrainske målarar Kategori:Peredvizjniki Kategori:Målarar frå 1800-talet Kategori:Målarar frå 1900-talet Kategori:Folk frå Kiev