James Philip Milner () er ein engelsk fotballspelar. Han spelar for Liverpool (2020).

I 2014 spela han for Manchester City i engelsk Premier League og for det engelske fotballandslaget. Han var seriemeister i England med Manchester City i 2012 og 2014. I 2010 vart han kåra til årets unge spelar i England.

Landslagsspel Frå debuten 12. august 2009 i Amsterdam til avskjeden 11. juni 2016 i Marseille, deltok Milner i 61 av Englands landskampar. Han var med i troppene til fotball-VM 2010 og 2014, og til fotball-EM 2012 og 2016. I desse turrneringane kom han i spel i fire VM-kampar og fem EM-kampar. Han skåra eitt einaste landslagsmål, det kom då England i 2012 slo Moldova 5-0 på bortebane.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «James Milner» frå , den 19. juli 2024.

eu-football

Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Leeds-spelarar Kategori:Swindon-spelarar Kategori:Newcastle-spelarar Kategori:Aston Villa-spelarar Kategori:Manchester City-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016 Kategori:Liverpool-spelarar