mini|350px|Kjende spanjolar gjennom tidene.

Øvst: Isabella I av Castilla • Ferdinand II av Aragon • Hernán Cortés • Ignatius Loyola • Carlos I • Teresa av Ávila Mellom: Cervantes • Francisco Goya • José María de Pereda • Rosalía de Castro • Pérez Galdós • Leopoldo Alas Nedst: Gaudí • Picasso • Dalí • Juan Carlos I • Antonio Banderas • Rafael Nadal Spanjolar eller spaniarar (spansk ) er ei folkegruppe som høyrer heime i Spania på Den iberiske halvøya og diasporaen deira. Omgrepet omfattar dei ulike regionale gruppene i landet, noko som viser igjen i den spanske historia. Spania, slik det geografisk er i dag, omfattar nemleg ei rekkje kongedømme frå slutten av 1400-talet som var resultat av den kristne gjenerobringa og den kastiljanske arvefølgjekrigen.

Det offisielle språket i Spania er spansk (español eller castellano), standardspråket som er basert på mellomalderdialekten til kastiljanarane frå midten av landet, men det er likevel fleire språk i Spania. Alle er iberoromanske utanom det baskiske språket.

Det finst også svært mange med spansk opphav, som eit resultat av emigrasjon, i andre delar av verda – flesteparten av dei i Latin-Amerika. Størstedelen av desse har blanda opphav, og har difor også røter frå til dømes indianarar, andre europeiske land og Afrika.

Kjelder «Spanish people» på Wikipedia på engelsk, innhenta 19. april 2010.

Kategori:Europeiske folkegrupper