David Josué Jiménez Silva () er ein spansk fotballspelar som spelar på Real Sociedad (2020).
I 2014 spela han for Manchester City og det spanske landslaget. Han har vorte seriemeister i England med Manchester City i 2012 og 2014. Med Spania har han vorte europameister to gonger og verdsmeister éin gong. I EM i 2008 spelte han i fem av Spania sine seks kampar då dei vann meisterskapen. I VM i Sør-Afrika i 2010 var han berre på banen i to av kampane, men i EM i 2012 var han igjen fast på laget då Spania vart europameistrar for andre gong på rad.
Kategori:Spanske fotballspelarar Kategori:Valencia-spelarar Kategori:Celta Vigo-spelarar Kategori:Manchester City-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2018