Loch Errochty er ein kunstig innsjø i Dei skotske høglanda i Perth and Kinross. venstre|mini|Lamelldam ved innsjøen. venstre|mini|Demninga. Errochty-dammen ligg ved enden av Glen Errochty, to kilometer nordvest for grenda Trinafour. Innsjøen har eit areal på kring 3 km²www.almanacofscotland.co.uk. oppgjer arealet til innsjøen. og er 5 km lang og om lag 1 km på det breiaste. Innsjøen er heilt menneskeskapt og oppstod då det vart bygd ei demning over Errochty Water, elva som renn gjennom dalen. Demninga vart bygt i 1957 av A. & M. Carmichael Ltd som ein del av eit vasskraftanlegg. Innsjøen ligg 330 meter over havet. Sjølve demninga er ein diamantforma lamelldam, og er 49 meter høg og 354 meter lang. Demninga er bygt særleg kraftig for å motstå jordskjelv i samband med ei forkasting som går i området."The Dambuilders : Power from the Glens", James Miller, ISBN 1-84158-225-5 s. 117. Vatnet frå Loch Errochty vert ført gjennom ein 10 km lang tunnel til Errochty vasskraftverk ved vestenden av Loch Tummel.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Loch Errochty» frå , den 17. mai 2010. oppgav desse kjeldene:
Errochty Errochty Kategori:Geografi i Perth and Kinross