Cristian Miguel Riveros Núñez () er ein paraguayansk fotballspelar som har spela på midtbanen for Paraguay sitt landslag og Kayserispor i den tyrkiske fotballigaen, på lån frå Sunderland i engelsk Premier League.
Riveros spelte i fleire klubbar i heimlandet før han drog til Mexico og Cruz Azul i 2007. Etter tre år der skreiv han under for Sunderland i England 11. mai 2010. Han tok del i fotball-VM i 2006, der han spelte Paraguay sine to første kampar.
Kategori:Paraguayanske fotballspelarar Kategori:Sunderland-spelarar Kategori:Kayserispor-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010