Dei sameinte arabiske emirata, stundom berre kalla Emirata eller UAE, er eit land søraust på Den arabiske halvøya ved Persiabukta. Det grensar til Oman i aust og Saudi-Arabia i sør, i tillegg til ei maritim grense med Qatar og Iran. I 2013 hadde Emirata 9,2 millionar innbyggjarar, der 1,4 millionar var emiratarabiske borgarar og 7,8 millionar utlendingar.

Landet vart grunnlagt i desember 1971 og er eit samband av sju emirat, Abu Dhabi (som tener som hovudstaden), Ajman, Dubai, Fujairah, Ras al-Khaimah, Sharjah og Umm al-Quwain. Kvart emirat vert styrt av ein absolutt monark. I lag dannar dei det føderale høgsterådet. Ein av monarkane vert vald som president i Dei sameinte arabiske emirata. Islam er offisiell religion i UAE, og arabisk er offisielt språk, sjølv om engelsk vert mykje nytta.

Oljereservane i landet er dei sjuande største i verda, medan naturgassreservane er dei 17. største.Natural Gas. BP Statistical Review of World Energy June 2012 Den avlidne Sjeik Zayed, som styrte i Abu Dhabi og var den fyrste presidenten i UAE, hadde styringa med utviklinga av Emirata og styrte oljeinntektene inn i helsevesen, utdanning og infrastruktur. Økonomien i UAE er den mest diversifiserte i Golfrådet, og den mest folkerike byen Dubai har oppstått som ein global by og eit knutepunkt for internasjonal flytrafikk. Likevel er landet særs avhengig av eksport av petroleum og naturgass.

UAE har vorte kritisert for korleis dei handsamar menneskerettane, mellom anna ved bruk av sjarialover i rettssystemet. Den aukande internasjonale profilen til UAE har gjort at analytikarar har gjeve landet status som ei regionsmakt og ei mellommakt.

Historie

Oldtida Dei fyrste kjende busetjingane i UAE er datert til 5500 fvt., men ein har funne flintreiskap datert til dei fyrste menneska på vestkysten av UAE, datert 130 000 år attende. På dette tidlege stadiet er det funne bevis for at dei hadde kontakt med verda utanfor, særleg sivilisasjonar nordvest i Mesopotamia. Denne kontakten varte lenge og vart meir omfattande, truleg motivert av koparhandel frå Hajarfjella, som oppstod kring 3000 fvt. I 637 vart Julfar (i dag Ra's al-Khaimah) nytta som utgangspunkt for den islamske invasjonen av sassanidane sitt Iran. Frå 100-talet evt. flytte stammer seg frå nordaust langs sørkysten av Arabia, og gruppene Azdite Qahtani (eller Yamani) og Quda'ah slo seg ned sørvest for Hajarfjella, medan sassanidegrupper dominerte den austlege kysten. Kysten av Persiabukta vart kalla Al Bahreyn, medan den indre oasebyen Al Ain vart kalla Tu'am og vart ein viktig handelsstasjon mellom dei indre områda og austkysten.

Dei fyrste kristne stadene i UAE vart fyrst oppdaga i 1990-åra, og var eit omfattande klosterområde som i dag vert kalla Sir Bani Yas-øya og er datert attende til 600-talet. Ein trur bygg var knytte til nestorianismen og vart bygde i 600 evt. Kyrkja verkar å ha vorten frådregen i fred i 750 evt. Kristendomen spreidde seg over halvøya frå 50 til 350 evt. langs handelsrutene. På 400-talet hadde Oman ein biskop kalla Johannes, og den siste biskopen av Oman var Etienne i 676 evt.

Islam Islam spreidde seg på nordaustenden av Den arabiske halvøya etter at det vart sendt eit brev frå profeten Muhammed til herskarane av Oman i 630 evt., ni år etter hijrah. Dette førte til at ei gruppe herskarar drog til Medina, gjekk over til islam og klarte så drive eit framgangsrikt opprør mot dei upopulære sassanidane, som dominerte nordkysten på den tida. Etter at Muhammed døydde, vart det nye islamske samfunnet sør for Persiabukta truga med oppløysing, og det kom til opprør mot dei muslimske leiarane. Kalif Abu Bakr sende ein armé frå hovudstaden Medina som tok attende området (Riddakrigane) med det blodige slaget i Dibba der minst 10 000 liv gjekk tapt. Dette trygga integriteten til kalifatet og samlinga av Den arabiske halvøya under det nye Rashidun-kalifatet.

Osmansk og portugisisk tid

Dei harde ørkentilhøva førte til at det dukka opp «mangslungne stammefolk», nomadiske grupper som klarte seg på grunn av ein variert økonomisk aktivitet, inkludert husdyrhald, jordbruk og jakt. Desse gruppene flytte seg rundt til ulike tider av året og det oppstod ofte konfliktar mellom grupper, men òg delvis permanente busetnader og senter. Desse danna stammegrupper med namn som framleis finst hjå emiratarabarar i dag, som Bani Yas og Al Bu Falah frå Abu Dhabi, Al Ain, Liwa og Al Bahrayn, Dhawahir, Awamir og Manasir i det indre, Sharqiyin på austkysten og Qawasim i nord.

På 1500-talet vart hamnebyane i Persiabukta og delar av folkesetnaden i regionen beinveges underlagde makta til Det osmanske riket.Historie på UAEHistory of The Dei sameinte arabiske emirata - Ottoman RuleBritish and Ottoman rule På 1600-talet var Bani Yas-gruppa den dominerande makta i det meste av området som no vert kalla Abu Dhabi.'Kashf Al Gumma' «Annals of Oman from Early times to the year 1728 evt.» – Journal of the Asiatic Society of Bengal, 1874Ibn Ruzaiq, translated by GP Badger, «History on Imams and Sayids of Oman», London 1871 Portugisarane hadde òg makt over kystbusetnadene, og bygde fort etter den blodige erobringa av kystbyar på 1500-talet av Albuquerque og dei portugisiske kommandantane som fylgde han - særleg på austkysten med Muscat, Sohar og Khor Fakkan.

Sørkysten av Persiabukta vart av britane kalla «Piratkysten», sidan båtar frå Al Qawasim-føderasjonen (Al Qasimi) ofte gjekk til åtak på britiske skip frå 1600- til 1800-talet. Britiske ekspedisjonar for å verne Indiahandelen frå sjørøvarar ved Ras al-Khaimah førte til felttog mot hovudkvartera og andre hamna langs kysten i 1809 og fram til 1819. Året etter skreiv britane og ei rekkje lokale herskarar under ei avtale for å kjempe mot sjørøvarverksemd langs kysten av Persiabukta, og gav opphav til omgrepet Traktatstatane, som kom til å definere statusen til kystemirata. Fleire avtalar vart underskrivne i 1843 og 1853.

Som ein reaksjon på ambisjonane til andre europeiske land, nemleg Frankrike og Russland, knytte britane og Traktatstatane tettare band med ei avtale i 1892, liknande avtaler som britane inngjekk med andre statar i Persiabukta. Sjeikane gjekk med på å ikkje skilje seg med territorium til nokon andre enn britane og ikkje gå inn i samband med utan-landske statar andre utan britisk godkjenning. Til attergjeld lova britane å verne kysten av Traktatstatane frå sjøen og hjelpe til om dei vart åtekne frå land. Denne avtala vart underskriven av herskarane i Abu Dhabi, Dubai, Sharjah, Ajman, Ras Al Khaimah og Umm Al Quwain mellom 6. og 8. mars 1892. Han vart sidan ratifisert av statthaldaren i India og den britiske regjeringa i London. Med britisk kystvakt kunne perleflåten etter måten arbeida trygt. Britane forbaud derimot slavehandel, som gjorde at sjeikane og kjøp-mennene tapte inntekter.Dei sameinte arabiske emirata – The Economy". Library of Congress Country Studies. Countrystudies.us. Henta 14. juli 2013. Skuldinga om sjørøvarverksemd vert dregen i tvil av moderne emiratarabiske historikarar, som den noverande emiren av Sharjah i boka hans The Myth of Arab Piracy in the Gulf frå 1986.

Britisk tid og oppdaginga av olje På 1800- og tidleg 1900-talet var perleindustrien blømande, og gav både inntekter og arbeidsplassar for folk kring Persiabukta. Den fyrste verdskrigen hadde stor innverknad på industrien, men det var dei økonomiske nedgangstidene i 1920- og 1930-åra, i lag med oppfinninga av kulturperler, som viska ut handelen heilt. Restane av handelen forsvann kort tid etter den andre verdskrigen, då det nyleg sjølvstendige India innførte store tollkostnader for perler importert frå arabarlanda kring Persiabukta. Nedgangen i perle-industrien førte til vanskelege økonomiske vilkår for Traktatstatane.

mini|venstre|Dubai i 1950; området på biletet syner Bur Dubai i framgrunnen (kring Al-Fahidi Fort); Deira i midten til høgre på andre sida av elva og Al Shindagha (venstre) og Al Ras (høgre) i bakgrunnen på andre sida av elva igjen frå Deira. Britane sette opp eit utviklingskontor som hjelpte til med utviklinga i Emirata. Dei sju sjeikane i emirata valde så å danne eit råd for å koordinere saker mellom dei og og tok over utviklingskontoret. I 1952 danna dei Rådet for Traktatstatane, og valde Adi Bitar, den juridiske rådgjevaren til sjeik Rashid i Dubai, som generalsekretær og juridisk rådgjevar for Rådet. Rådet vart lagt ned då Dei sameinte arabiske emirata vart skipa. Stammepreget i samfunnet og mangelen på grenser mellom emirata førte ofte til usemje, som anten vart løyst gjennom mekling, eller meir sjeldan, med makt. Trucial Oman Scouts var ein liten militærstyrke nytta av britane for å halde freden ved like.

I 1955 tok Storbritannia Abu Dhabi si side i ein konflikt med Oman over Buraimi-oasen, eit anna område i sør. I 1974 vart det under-skriven ei avtale mellom Abu Dhabi og Saudi-Arabia som skulle løyse grensestriden mellom Abu Dhabi og Saudi-Arabia, men denne har ikkje vorten ratifisert. Grensa mellom UAE og Oman vart ratifisert i 2008.

I 1922 sikra den britiske regjeringa at herskarane i Traktatstatane ikkje inngjekk konsesjonsavtalar med utanlandske selskap. Dei var klåre over potensialet for å finne naturressursar som olje, etter at ein fann olje i Persia (frå 1908) og Mesopotamia (frå 1927), og det britiskleia oljeselskapet Iraq Petroleum Company (IPC) synte interesse i regionen. Anglo-Persian Oil Company (APOC, som seinare vart British Petroleum, or BP), hadde 23,75 % av aksjane i IPC. Frå 1935 vart det gjeve konsesjonar for å leite etter olje med dei lokale herskarane, og APOC skreiv under den fyrste på vegner av Petroleum Concessions Ltd (PCL), eit selskap som var tilknytt IPC. APOC vart hindra i å utvikle regionen aleine, på grunn av restriksjonar med Den raude linja-avtalen, som kravde at det vart operert gjennom IPC. Det vart underskrive fleire opsjonsavtalar mellom PCL og sjeikane, som gav gode høve til inntekter for samfunna som opplevde fattigdom etter at perlehandelen kollapsa. Oljerikdomen som sjeikane kunne sjå i dei kringliggjande landa som Iran, Bahrain, Kuwait, Qatar og Saudi-Arabia lét vente på seg. Dei fyrste borehòla i Abu Dhabi vart bora av operatør-selskapet til IPC, Petroleum Development (Trucial Coast) Ltd (PDTC) ved Ras Sadr i 1950, med eit 13 000 fot djupt hòl som det tok eitt år å bore, og som viste seg å vere turt. Det hadde ein enorm kostnad på den tida, på 1 million pund.

I 1953 fekk eit dotterselskap av BP, D'Arcy Exploration Ltd, ein offshore-konsesjon frå sjeiken i Abu Dhabi. BP slo seg saman med Compagnie Française des Pétroles (seinare Total) og danna operatørselskapa Abu Dhabi Marine Areas Ltd (ADMA) og Dubai Marine Areas Ltd (DUMA). Det vart gjort fleire undersøkingar, mellom anna av den kjende havforskaren Jacques Cousteau. I 1958 vart det taua ein flyterigg frå Hamburg i Tyskland over Umm Shaif perlebotn i farvatnet utafor Abu Dhabi, der boringa byrja. I mars fann dei olje. Dette førte til den fyrste oljeeksporten i 1962. MA fann fleire oljefelt ved Zakum og andre stader, og andre selskap fann Fateh oljefelt utanfor Dubai, og Mubarak-feltet utanfor Sharjah (delt med Iran).

I 1960 fann PDTC òg omsider olje på land, etter å ha bora fem hòl til som var turre. Dette var ved kysten nær Tarif. I 1962 vart PDTC til Abu Dhabi Petroleum Company. Etter kvart som oljeinntektene auka, sette sjeiken i Abu Dhabi, Zayed bin Sultan Al Nahyan, i gang massive byggjeplanar og bygde skular, hus, sjukehus og vegar. Då oljeeksporten i Dubai kom i gang i 1969, kunne sjeiken av Dubai, Rashid bin Saeed Al Maktoum, gjere investeringa som sette i gang det mangfelte drivet som skapte den moderne, globale byen Dubai.

Sjølvstende (1971) mini|upright|Zayed bin Sultan Al Nahyan var den fyrste presidenten i UAE.