Jens Glatved () var ein norsk lærar, prest og stortingsmann.
Glatved var fødd i Norderhov, der far hans var prest. Sjølv vart han student i 1812. Deretter var han tre år huslærar i Danmark, og sidan tre år styrar av ein privatskule i Drøbak. I 1825 vart han cand. theol. og sokneprest i Gildeskål. År 1834 vart han sokneprest i Vestby.
I 1833 representerte Glatved Nordlands amt på Stortinget. Han var sekretær i trykkekomiteen.
Glatved døydde i Vestby i 1837.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1833-1835 Kategori:Stortingsrepresentantar for Nordland Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Ringerike