Jens Christian Folkman Schaanning () var ein norsk prest og politikar, innvald på Stortinget tre gongar. Johan Schaanning var halvbror hans.

Schaanning var fødd i Porsgrunn, faren hadde tittel som forvaltar. Han vart student frå Drammens skole i 1822 og cand. theol. i 1826. I heile 46 år, 1828-74, var han sokneprest i Kristiansund. Perioden 1858-70 var han også prost i ytre Nordmøre. Han var mangeårig medlem av bystyret, ei tid ordførar, samt medlem av forlikskommisjonen.

Schaanning representerte Kristiansund og Molde på Stortinget 1848, og einast Kristiansund på Stortinget 1851 og 1859-60. Både 1848 og 1851 var han medlem av justiskomite nr 1, i 1851 også medlem av Lagtinget og av lovkomiteen. 1859-60 var han medlem av militærkomiteen.

Han døydde i Kristiansund i 1886.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar for Kristiansund Kategori:Stortingsrepresentantar for Kristiansund og Molde Kategori:Ordførarar i Kristiansund Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Porsgrunn