Pedro Eliezer Rodríguez Ledesma, kjend som berre Pedro () er ein spansk fotballspelar som spelar for AS Roma (2020).

Han har spela for Barcelona. Han har òg landskampar for Spania. Pedro vart seriemeister med Barcelona i 2009, 2010, 2011 og 2013, var med på å vinna Den europeiske meisterligaen med dei i 2009 og 2011 og VM for klubblag i 2009 og 2011.

Pedro debuterte for Spania sitt A-landslag 29. mai 2010 i ein vennskapskamp mot Saudi-Arabia etter at han vart teken ut i Spania sin tropp til fotball-VM i 2010. 8. juni same året skåra han det første landslagsmålet sitt i ein treningskamp mot Polen. Han spelte i fem av kampane under VM i Sør-Afrika, to av dei frå start, mellom anna finalen mot Nederland, då Spania vart verdsmeistrar. I fotball-EM i 2012 spelte han som innbyttar i tre av Spania sine kampar då dei vart europameistrar.

Kategori:Spanske fotballspelarar Kategori:Barcelona-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016