Jakob Jakobsson Myklebust () var ein gardbrukar, ordførar og stortingsrepresentant frå Breim i Gloppen.
Myklebust gjekk i yngre år på ein privatskule driven av Jakob Hjelmeset i Gloppen. Frå 1879 var han gardbrukar på farsgarden på Myklebust i Breim. Han var medlem av kommunestyret frå 1875, ordførar i Gloppen kommune frå 1884 til 1886. Deretter vart han den fyrste ordføraren i den utskilde Breim kommune, eit ombod han hadde frå 1886 til 1913.
I perioden 1886-91 representerte Myklebust Nordre Bergenhus på Stortinget. Han høyrde til Venstre og var 1886-88 medlem av tollkomiteen, siste perioden var han medlem av Lagtinget og av landbrukskomiteen. I Breim fekk han tilnamnet «Stortings-Jakob», han var vararepresentant til Stortinget i tre periodar. 1906-09 var han 1. varamann frå Nordfjord krins og møtte då på Stortinget i 1907 frå 8. juli, og i 1908 i tida 27. mai-30. juni.
Medan han sat på Stortinget fekk han i stand ei løyving på 5000 kroner til ein bygdeveg i heimbygda Myklebustdalen. Vegen er i dag fylkesveg 693, eller Myklebustvegen.
Myklebust etablerte Myklebust meieri i 1876, det fyrste meieriet i Nordfjord. Han spela ei sentral rolle då meieriet på Byrkjelo vart gjenoppretta kring år 1900.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Notar
Bakgrunnsstoff nrk.no: Fylkesleksikon om Myklebust Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste - Biografier
Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Sogn og Fjordane Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Ordførarar i Breim Kategori:Ordførarar i Gloppen Kategori:Venstreordførarar i Sogn og Fjordane Kategori:Folk frå Gloppen