mini|Trykkskott frå flyet Baade 152.
Skott er vegger som delar eit fartøyskrog i ulike rom. Skotta står oftast tverrskips. I større fartøy er det og langsgåande skott. Tverrskott er godt festa i båtsidene, helst i spant, dekksbjelkar og dørkbjelkar. I tillegg til å dele skroget inn i rom, er skott med på å gi styrke til fartøyet.
For å gjere fartøyet sikrare, kan skotta vere vasstette og brannsikre.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skipsbygging