Fábio Alexandre da Silva Coentrão () er ein portugisisk fotballspelar som har spela for Real Madrid i spansk Primera Division og for det portugisiske landslaget.

Coentrão var med på å bli seriemeister i Portugal i 2010 med Benfica. Same sesongen vart han kåra til beste nye spelar i den portugisiske ligaen, og i 2011 vart han kåra til årets spelar i Benfica. I 2012 vart han seriemeister i Spania med Real Madrid, og i 2014 var han med på å vinna den europeiske Meisterligaen med dei. Han debuterte for A-landslaget 14. november 2009 i ein VM-kvalifiseringskamp mot Bosnia-Hercegovina. Han var med i Portugal sin tropp til fotball-VM i 2010, der han spelte alle Portugal sine fire kampar. Under fotball-EM i 2012 spelte han alle Portugal sine fem kampar då dei nådde semifinalen i meisterskapen.

Kategori:Portugisiske fotballspelarar Kategori:Rio Ave-spelarar Kategori:Nacional-spelarar Kategori:Benfica-spelarar Kategori:Real Zaragoza-spelarar Kategori:Real Madrid-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014