Det er fleire kyrkjer i Noreg med namnet Eid kyrkje.
Eid kyrkje er ei langkyrkje i Eidsbygda i Rauma kommune i Møre og Romsdal fylke.
Kyrkja vart bygd i 1697 eller 1797, og er av treverk, og har 200 plassar. Ho er påbygd to gangar, i 1872 og 1874. I 1862 vart Eid eige prestegjeld og kyrkja vart frå då av hovudkyrkje.
Interiøret Altartavla er frå 1660, i alle fall står dette årstalet på tavla. Ho vart restaurert av Ragnvald Einbu i 1916.
Døypefonten er gammal og kjem frå Lesja. Den har årstalet 1519.
Gamlekyrkja hadde et antemensale frå omkring år 1275 med 12 motiv frå Jesu liv. Dette kom til Bergen Museum i 1840-åra. Det er eit av dei mest verdifulle kunstverka i landet frå mellomalderen. Eit antependium frå 1677 som stod i gamlekyrkja, er no på Norsk Folkemuseum i Oslo. Det er i svært dårleg tilstand.
Kjelde Thaule, John Ove; Ubostad, Ingar; Pedersen, Bjørn. 1990. Kyrkjene våre i Ei bok om Rauma, Rauma Kommune. s 207-210
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Rauma Kategori:Kyrkjer i Indre Romsdal prosti Kategori:Kulturminne i Rauma Kategori:Langkyrkjer i Møre bispedømme