Guillaume Hoarau () er ein fransk fotballspelar som har spela for Paris Saint-Germain i fransk Ligue 1. Han har òg landskampar for Frankrike.
Hoarau sin første fotballklubb var Saint-Pierroise, på heimøya Réunion. I 2004 drog han til Europa og Le Havre i Ligue 2. I 2008 gjekk han til Paris Saint-Germain for ein overgangssum på 500 000 euro. Den siste sesongen hans i Le Havre vart han toppskårar i Ligue 2 og var med på å vinna opprykk til Ligue 1 for klubben.
Hoarau debuterte for Frankrike sitt A-landslag 11. august 2010 i ein privatlandskamp mot Noreg på Ullevaal, etter at den nye landslagstrenaren, Laurent Blanc, stengte ute alle landslagsspelarane som hadde vore med i fotball-VM i Sør-Afrika.
Kategori:Franske fotballspelarar Kategori:Le Havre-spelarar Kategori:Gueugnon-spelarar Kategori:Paris Saint-Germain-spelarar