Martin Arvid Kolberg () er ein norsk politikar og stortingsrepresentant frå Arbeidarpartiet i Buskerud. Han var partisekretær i Arbeidarpartiet frå 2001 til 2009.

Karriere Martin Kolberg starta på studiar til elektroingeniør ved Oslo tekniske skole i 1970-åra, jobba fire år ved Drammen Kabelfabrikk og er medlem av Fellesforbundet.

Heilt frå starten av sin politiske karriere i Arbeidaranes Ungdomsfylking og Arbeiderpartiet i Buskerud har Kolberg i periodar hatt eit nært samarbeid med Thorbjørn Jagland. Kolberg var sekretær i AUF 1977–1981 under leiarperiode til Jagland, og før sentralstyreperioden arbeidde begge lokalt mot EF-medlemskap gjennom Buskerud AUF i 1972.

Frå 1995 til 1996 var Kolberg statssekretær ved statsministerens kontor under Gro Harlem Brundtland og vidare i Forsvarsdepartementet til 1997.

Stortingsrepresentant og partisekretær I perioden mellom 2001 og 2005 var han første vararepresentant på Stortinget for Arbeidarpartiet i Buskerud, og i perioden 1977–1981 andre vara. Kolberg møtte fast i dagane mellom 1. og 19. oktober 2001, før Thorbjørn Jagland returnerte til nasjonalforsamlinga frå embetet som utanriksminister etter valet den hausten.

Mellom 2001 til 2009 var Kolberg partisekretær i Arbeidarpartiet. Han gjekk av som partisekretær på landsmøtet i 2009, då han stilte til val som Buskerud førstekandidaten til Arbeidarpartiet ved stortingsvalet 2009. Han vart vald inn, og 30. september 2009 valde stortingsgruppa han til parlamentarisk nestleiar. Han har elles vore andre nestleiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Som partisekretær var Kolberg oppteken av å vidareutvikle ein fast ideologi for Arbeidarpartiet, og å styrke forholdet til fagrørsla. Han er ein ivrig skiløpar, er gift og har tre born.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Brundtland III Kategori:Statssekretærar i Regjeringa Jagland Kategori:Statssekretærar frå Ap Kategori:Sekretærar i Arbeidarpartiet Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Folk frå Lier