«So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star» er ein song av det amerikanske rockebandet The Byrds, skriven av Jim McGuinn og Chris Hillman. Songen kom ut på albumet deira Younger Than Yesterday i 1967, men vart først gjeven ut som singel den 9. januar 1967. Singelen nådde 29. plass i USA, men nådde ikkje lista i Storbritannia. Songen vart inspirert av den intensive publisiteten kring danninga av The Monkees, som nettopp hadde hatt debut på fjernsynsserien sin i USA, slik at det fabrikerte bandet vart internasjonalt kjende. Dette fekk Hillman og McGuinn til å sjå på den dåverande tilstanden til popverda med litt meir kynisme.
Musikalsk dannar 12-strengsgitaren til McGuinn og basslinja til Hillman kjernen i songen. Hillman har fortalt at han lagde basslinja i songen under ei innspeling for den sørafrikanske musikaren Hugh Masekela. Maskela spelar trompet på songen, noko som var første gong Byrds nytta blåseinstrument på ei innspeling. I tillegg kan høyran skrikande tenåringsjenter på songen. Desse hyla vart spelt inn den 15. august 1965 under ein konsert med The Byrds i Bournemouth.
Songen finst på fleire samleplater med The Byrds, samt konsertutgåve på (Untitled) og Live at the Fillmore - February 1969 og Live at Royal Albert Hall 1971.
Andre utgåver Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre The Patti Smith Group, Tom Petty and the Heartbreakers, Black Oak Arkansas, Roxette , Golden Earring, Jon Bon Jovi, Crowded House og Pearl Jam.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star» frå , den 18. oktober 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Teksten
Kategori:Songar frå 1967 Kategori:Singlar frå 1967 Kategori:The Byrds-songar Kategori:Patti Smith-songar Kategori:Tom Petty-songar Kategori:Songar skrivne av Roger McGuinn Kategori:Songar skrivne av Chris Hillman Kategori:Songar produserte av Gary Usher Kategori:Columbia Records-singlar