mini|Emmylou Harris i Rotterdam, 2006. Emmylou Harris () er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar og musikar. Ho har gjeve ut mange album og singlar i løpet av karrieren sin og vunne 14 Grammyprisar, Polarprisen og mange andre prisar, og er mellom anna innlemma i Country Music Hall of Fame. I 2018 fekk ho æresprisen til Grammy.«Queen, Tina Turner to Receive Grammy Lifetime Achievement Award» . Rolling Stone. Henta 8. mars 2018

Arbeidet og innspelingane hennar omfattar arbeid som soloartist, ein bandleiar, ein tolkar av andre sin musikk, ein visesongar, og korvokalist og duettpartnar. Ho har arbeidd med mange andre artistar.

Biografi Tidlege år Harris er frå ein militærfamilie. Faren hennar, Walter Harris (1921–1993), var offiser i Marine Corps og mor hennar, Eugenia (1921–2014), var heimeverande. Faren sat ti månader som krigsfange i Korea i 1952. Harris var fødd i Birmingham i Alabama og voks opp i Nord-Carolina og Woodbridge i Virginia, der ho gjekk på Gar-Field Senior High School med gode karakterar. Ho vann eit dramastipend ved UNCG School of Music, Theatre and Dance ved University of North Carolina at Greensboro, der ho byrja å studere musikk, og lærte songar av Pete Seeger, Bob Dylan og Joan Baez på gitar. Ho droppa ut av college for å følgje ønskjet sitt om ein musikkarriere, og flytta til New York City, der ho arbeidde som servitør for livnære seg sjølv, medan ho framførte viser på kafear i Greenwich Village under visesong-boomen i 1960-åra. Ho gifta seg med låtskrivaren Tom Slocum i 1969 og spelte inn det første albumet sitt, Gliding Bird. Harris og Slocum vart skilde etter kort tid, og Harris og den nyfødde dottera hennar Hallie flytta inn med foreldra sine i Clarksville i Maryland, ein forstad nær Washington, D.C.«Charlie Rose Show» 25. juni 2008

Med Gram Parsons Harris byrja etter kort tid å spele att som ein del av ein trio i lag med Gerry Mule og Tom Guidera. I 1971 såg medlemmar av countryrockgruppa The Flying Burrito Brothers henne spele. Det tidlegare Byrds-medlemmet Chris Hillman hadde teke over bandet og var imponert av Harris, og tenkte på å be ho med i The Flying Burrito Brothers. I staden tilrådde Hillman ho til Gram Parsons, som såg seg om etter ein kvinneleg vokalist å samarbeide med på det første soloalbumet sitt, GP. Harris turnerte som medlem av bandet til Parsons, The Fallen Angels, i 1973, og paret skein på vokalharmoniane og duettane sine. Seinare det året arbeidde Parsons og Harris på eit anna studioalbum, Grievous Angel. Parsons døydde på motellrommet sitt nær det som no er Joshua Tree nasjonalpark den 19. september 1973, av ein uheldig overdose av narkotika og alkohol. Grievous Angel kom ut posthumt i 1974 og tre spor til frå denne innspelinga med Harris kom ut på eit anna posthumt Parsons-album, Sleepless Nights, i 1976. Eit album til med innspelingar frå denne perioden kom ut som Live 1973 i 1982.

The Hot Band mini|venstre|Hot Band-medlemmet James Burton. Talentspeideren Mary Martin i Warner Brothers introduserte Harris for den kanadiske produsenten Brian Ahern, som produserte det første albumet hennar på eit større selskap, Pieces of the Sky, som kom i 1975 på Reprise Records. Albumet var overraskande eklektisk, særskild etter Nashville-standarden, med coverversjonar av The Beatles sin «For No One», Merle Haggard sin «Tonight the Bottle Let Me Down» og The Louvin Brothers sin «If I Could Only Win Your Love». Det inneheld òg «Bluebird Wine», ein komposisjon skriven av ein ung låtskrivar frå Texas med namn Rodney Crowell, som var den første av ei lang rekkje låtskrivarar som Harris fekk fram i lyset. Innspelinga var ei av dei dyraste countryplatene som var lag på den tida, med musikarar som James Burton, Glen Hardin, Ron Tutt, Ray Pohlman og Bill Payne, i tillegg til to spor («Before Believing» og «Queen of the Silver Dollar») som vart spelt inn med The Angel Band. Det kom ut to singlar: «Too Far Gone», som først nådde 73. plassen på singellista (og 13. plassen i ei nyutgjeving i 1979), og den største hitten til Harris, «If I Could Only Win Your Love», som vart sungen i ein duett med Herb Pedersen (som seinare skipa The Desert Rose Band). Denne singelen nådde fjerdeplassen.

Sjefane i Warner Bros. Records (som eigde Reprise Records) sa til Harris at dei skulle gå med på å sende ho i studio om ho «fekk tak i eit 'hot band'». Det gjorde Harris og fekk med seg gitarist James Burton og pianisten Glen Hardin, som begge hadde spelt med Elvis Presley og Parsons. Burton var ein kjend gitarist, som byrja i bandet til Ricky Nelson i 1950-åra, og Hardin hadde vore medlem av The Crickets. Andre Hot Band-medlemmar var trommeslagaren John Ware, pedalsteelgitaristenHank DeVito og bassisten Emory Gordy jr., som Harris hadde arbeidd med i lag med Parsons. Songaren og låtskrivaren Crowell var rytmegitarist og duettpartnar. Den første turneen til Harris følgde i stor grad Elvis Presley sin, sidan Burton og Hardin begge framleis spelte med Presley.

Elite Hotel, kom ut i desember 1975 og synte at Pieces of the Sky ikkje berre var eit blaff. Det var uvanleg for countryalbum på denne tida, som vanlegvis var bygd opp kring ein hitsingel, å basere på same tilnærming som den album-orienterte rockemarknaden. I forhold til kunstnarisk kvalitet stod spor som «Sin City», «Wheels» og «Till I Gain Control Again», som ikkje var singlar, lett opp mot spor som «Together Again», «Sweet Dreams» og «One of These Days», som var singlar. Elite Hotel gjekk til topps på countryalbumlista i USA, og gjorde det òg tåleleg bra hos rockepublikumet. Harris appellert til dei som normalt mislikte at countrymarknaden trekte i popretninga («Together Again» og «Sweet Dreams» toppa begge countrylista). Elite Hotel vann ein Grammy i 1976 for beste countrysong av ei kvinne.

Ryktet til Harris som gjesteartist vart stadig betre. Ho bidrog til album av Linda Ronstadt, Guy Clark og Neil Young, og ho vart henta inn av Bob Dylan for å syngje på albumet hans Desire. Harris filma ein av studiosekvensane i The Band-filmen The Last Waltz, der ho song «Evangeline».

Burton slutta i Hot Band i 1976 og valde å bli verande i bandet til Elvis Presley, og vart erstatta av den engelske gitaristen Albert Lee. Det kommersielle høgdepunktet til Harris var Luxury Liner, som kom ut i 1977. Det vert rekna som eit av dei definitive albuma hennar. På Luxury Liner miksa Harris songar frå Chuck Berry («(You Never Can Tell) C'est la Vie»), Gram Parsons (tittelsporet og «She»), The Carter Family («Hello Stranger») og Kitty Wells («Making Believe») som illustrerte ein kontinuitet og kunstnarisk bragd innan country som ofte vart oversett på den tida. Likevel var det mange fans som venta seg fleire originale songar og ho vart kjend som ein coverartist. Trass i topp 10-singlar med «C'est la Vie» og «Making Believe», var den mest kjende songen frå albumet ein coverversjon av Townes Van Zandt-songen «Pancho & Lefty», som vart ein stor hitt for Willie Nelson og Merle Haggard i 1983. Mot slutten av 1977 slutta Crowell i Hot Band for å satse på ein solokarriere, og vart erstatta av bluegrass-musikaren og songaren Ricky Skaggs.

Quarter Moon in a Ten Cent Town signaliserte ei viss endring frå dei tre tidlegare albuma til Harris. I staden for å blande klassiske countrysongar med moderne songar, består albumet hovudsakleg av nyskrivne songar skrivne av ei lang rekkje låtskrivarar. «Two More Bottles of Wine», skriven av Delbert McClinton, vart den tredje førsteplassen til Harris. «To Daddy», skriven av Dolly Parton, nådde tredjeplassen, og ein tredje singel, «Easy from Now On», nådde topp 20. Albumet inkluderte to songar av Crowell («I Ain't Living Long Like This» og «Leaving Louisiana in the Broad Daylight»), to av låtskrivaren Jesse Winchester («Defying Gravity» og «My Songbird») og ein av Utah Phillips («Green Rolling Hills»).

Roots-platene mini|Harris på scenen i San Francisco i 2005. I januar 1977 gifta Harris seg med Brian Ahern. Dottera deira, Meghann, var fødd i 1979, som den andre dottera til både Harris og Ahern.

På denne tida spelte og gav Harris ut tre studioalbum som tok eit steg mot tradisjonell country (på ei tid då ålmenta byrja å omfamne ein meir polert, Urban Cowboy-stil). Retninga attende til røtene var dominerande på det Grammy–vinnande albumet Blue Kentucky Girl. Utanom ein versjon av The Drifters-songen «Save the Last Dance for Me», bestod albumet hovudsakleg av klassiske countrysongar i same stil som Loretta Lynn og Kitty Wells. Det er eit av hennar mest akta album med songar som The Louvin Brothers sin «Everytime You Leave», Willie Nelson sin «Sister's Coming Home» og Gram Parsons sin «Hickory Wind». Wesley Rose tok særskild interesse i Harris si innspeling av «Beneath Still Waters», som gjekk til topps på countrylista.

Julealbumet Light of the Stable kom ut i 1979. På tittelsporet syng Dolly Parton, Linda Ronstadt og Neil Young korvokal. Harris hadde arbeidd sporadisk med alle desse sidan midten av 1970-pra, og fortsette å spele med dei innimellom dei neste 30 åra. I 1980-åra utforska Harris countryhistoria vidare med det bluegrass-orienterte albumet Roses in the Snow, med Ricky Skaggs, Tony Rice, Albert Lee, Emory Gordy jr. og Jerry Douglas. Harris si utgåve av den tradisjonelle «Wayfaring Stranger» og Paul Simon sin «The Boxer» var sterke singlar.

I 1980 spelte Harris inn «That Lovin' You Feelin' Again» med Roy Orbison. Duetten vart ein topp 10-hit på både country- og Adult Contemporary-lista. For denne fekk dei Grammyprisen for beste countrysong av ein duo eller ei gruppe. Harris song på konseptalbumet til Paul Kennerley, The Legend of Jesse James, der både Levon Helm frå The Band og Johnny Cash òg spelte.

Popsuksess og arbeid som låtskrivar I 1981 gjekk innspelingane til Harris inn på topp 40 på Billboard si popliste med ein coverversjon av «Mister Sandman». Denne nådde òg topp 10 på country- og Adult Contemporary-lista. Songen kom frå albumet Evangeline. Albumversjonen av songen var eit spor frå Trio-innspelinga med Dolly Parton og Linda Ronstadt, men selskapa til verken Parton eller Ronstad gav løyve til at vokalen til artistane deira vart nytta på singelen, så Harris spelte inn songen på nytt. Ho gav òg ut det neste albumet sitt, Cimarron, det same året.

Harris flytta til Nashville i 1982. White Shoes i 1983 inneheld både ei rocka utgåve av «Diamonds Are a Girl's Best Friend» med ein coverversjon av Donna Summer-songen «On the Radio», i tillegg til songar frå ei mangfaldig gruppe låtskrivarar som Hot Band-medlemmet Crowell, Sandy Denny og T-Bone Burnett. Det var det siste albumet hennar som vart produsert av Brian Ahern før All I Intended to Be i 2008.

Albuma Harris hadde gjeve ut til no inneheld få av hennar eigne songar, men i 1985 kom hennar eiga låtskriving meir i fokus med utgjevinga av konseptalbumet The Ballad of Sally Rose, der ho var medlåtskrivar på alle songane. Albumet var dels sjølvbiografisk, og laust basert på forholdet hennar til Parsons. Harris skildra det som ein «countryopera», og ein «ein stor kommersiell katastrofe». Medlåtskrivaren hennar og produsenten på albumet var den engelske musikaren Paul Kennerley, som hadde skrive hitsinglane hennar «Born to Run» (på Cimarron i 1981) og «In My Dreams» (på White Shoes). Kennerley produserte òg det neste albumet hennar, Thirteen. Dei gifta seg i 1985 og vart skilde i 1993.

Harris spelte første gongen på radioshowet A Prairie Home Companion i 1985 og kom attende her mange gonger.