mini|Ein mann frå Ramallah spinn med handtein. Handfarga fotografi frå 1919. Spinning er ein handverksteknikk som går ut på å trekke ut fibrar og tvinne dei saman til garn. Ein kan spinne for hand med handtein eller spinnerokk, eller ved hjelp av maskiner. Det er mogleg å spinne garn av dyrefibrar som ull og silke, eller ein kan nytte plantefibrar som lin og bomull. I våre dagar kan ein også nytte ulike kunstfibrar. Kunsten å spinne har vore kjend i særs lang tid.

«Spinning» (frå engelsk) er òg ei vanleg nemning på kondisjonstrening utført på spesiallaga, stilleståande syklar innandørs, såkalla spinningsyklar.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Handverk