Friedrich Wöhler () var ein tysk kjemikar, mest kjend for syntesen sin av urea (urinstoff) 1828. Dette var det første organiske stoffet som vart laga syntetisk frå heilt ikkje-organiske utgangsstoff. Dette førte til at ein gjekk bort frå teorien om at ein trong ei særleg «livskraft» (vitalitetsprinsippet) for å skape karbonsambindingar. Wöhler var òg først til å isolere mange av grunnstoffa.

Wöhler vart fødd i Eschersheim, i dag eit distrikt i Frankfurt am Main. I 1823 avslutta Wöhler medisinstudiane sine i Heidelberg ved laboratoriet i Leopold Gmelin som arrangerte eit høve for Wöhler å arbeide hos Jöns Jakob Berzelius i Stockholm. Frå 1825 til 1831 var Wöhler lærar ved yrkesskulen i Berlin, frå 1828 med tittelen professor. Frå 1831 til 1836 var han professor ved den høgare yrkesskulen (Polytechnikum) i Kassel. Etter Friedrich Stromeyer døydde i 1835 vart Wöhler i 1836 etterfølgjaren hans i professoratet i medisin, kjemi og farmasi ved Universitetet i Göttingen og arbeidde der til han døydde i 1882.

Wöhler var medlem av Vitskapsakademiet i Göttingen og vart i 1834 innvalt som utanlandsk medlem av den svensken Kungliga Vetenskapsakademien.

Priser og utmerkingar (utval) 1872 – Copleymedaljen

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Friedrich Wöhler» frå , den 7. november 2010.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tyske kjemikarar Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet Kategori:Folk frå Frankfurt am Main