mini|Kløvtveit kraftverk Kløvtveit kraftverk er eit vasskraftverk i Gulen kommune i Vestland. Kraftverket utnyttar eit fall på om lag 380 meter frå Klyvtveitvatnet til Austgulfjorden. Nedbørfeltet er på 10,9 km² og årstilsiget på 50 millionar m³. Kraftverket har installert ein peltonturbin med yting på 8,9 MW. Midlare årsproduksjon er på 41,8 GWh.
Kraftverket vert ått og drifta av BKK og vart ferdig utbygd i 2006.
BKK inngjekk i samband med utbygginga avtale i 2001 om å innbetala 250.000 kroner til eit kommunalt fiskefond i Gulen, som nyttast til å vedlikehalde og styrkje innlandsfisket i kommunen. Fiskarar grunneigarar og foreiningar som fremjar fiske kan søkje prosjektmiddel frå fondet.Retningslinjer for bruk og forvaltning av kommunalt fiskefond - Gulen kommune. Besøkt 12. november 2010.
Referansar
Bakgrunnsstoff BKK
Kategori:Kraftverk i Vestland Kategori:Byggverk i Gulen Kategori:Næringsliv i Gulen Kategori:Kraftverk skipa i 2006