Leversundbrua er ei bru som går over Leversundet i Gulen kommune i Vestland. Brua, som vart opna i 1964, er 152 meter lang og ein del av Fylkesveg 57. Saman med Undaltunnelen og Lundtunnelen førte ho til samanhengande riksveg frå Fensfjorden til ferjeleiet på Rutledal ved Sognefjorden. Strekninga Leversund-Austgulen-Takle vart også opna samtidig og gav vegsamband til Brekke. Under brua på nordsida av Leversundet finst det fleire jettegryter.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Leversundbrua» frå , den 11. november 2010.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Bruer i Gulen Kategori:Bruer opna i 1964 Kategori:1964 i Noreg